Slik er koronalivet i Mork barnehage

Slik er koronalivet i Mork barnehage

Daniel og Mathilde hjelper Bjørnar med å ta på antibac

–  Kva er eit intervju? Spør Bjørnar (5). Det er ikkje alt ein veit om i verda når ein berre er fem år, men ungane i Mork barnehage veit godt kva korona er. 

– Korona er bakterier som er så små at vi ikkje kan sjå dei, seier Bjørnar (5)

Bjørnar, Daniel og Mathilde på fem år rekker alle opp hendene og kan fortelje kva korona er.

Dei er raude med taggar på, seier Daniel.

– Det er eit virus, fortel Bjørnar. 

Kva gjer de for å ikkje bli sjuke?

Før vi kjem inn i barnehagen må vi sprite hendene, seier Daniel.

Dei forklarer at om dei tek antibac på hendene vil det drepe viruset, og viser at det står antibac ved inngangen til uteområdet og ved inngangen av inneområdet. 

Fv: Daniel, Mathilde og Bjørnar viser oss antibac som er plassert ved inngangen til barnehagebygget. Foto: Julijane Remmereit
​​​​​​

- Vi skal vise dokke rundt! seier Bjørnar (5)

Kring leikeområdet utandørs kan ein finne fleire lappar der det står til dømes "sone 1" på. I barnehagen kan ein sjå at området er delt opp i soner som er markerte med oransje gjerder. Desse gjerda kan likne på noko ein kunne sett på ein byggeplass, så den sterke fargen gjer det godt synleg kvar dei sonene er.

Mathilde viser kvar sone 1 er. Foto: Julijane Remmereit

Borna viser at dei har full kontroll på kvar dei forskjellige sonene er, og kva dei heiter. Pedagogisk leiar Ragnhild Bjerknes seier at når ho fortel til og med eitt - og toåringane at dei skal gå på sone 1, så forstår dei kvar dei skal, og går dit med ein gong. 

– Det her er sone 1, seier Mathilde

– Her er sone 3, viser Daniel.

– Er det gøy i barnehagen sjøl om det er korona?

–  Ja! seier Bjørnar, Daniel og Mathilde høgt i kor. 

Daniel viser oss kvar sone tre er. Foto: Julijane V. Remmereit
​​​

Styrar Nina Telseth fortel at då barnehagen inntok raudt nivå i mars 2020, måtte dei omstille seg raskt og personalet fekk vist at dei var løysningsorienterte. Ho seier at både barna og personalet var flinke til å omstille seg.

Ved raudt nivå blir barna delt opp i mindre grupper. Bjerknes seier at dei bruker gruppeinndelingane ved raudt nivå av og til sjøl om dei er på gult nivå. På den måten er dei meir førebudde på å gå kjapt over til raudt nivå om dette måtte skje. 

– Raudt nivå er heilt topp for oss! seier Nina Telseth.

Fv: Pedagogisk leiar Ragnhild Bjerknes og Styrar Nina Telseth. Foto: Julijane V. Remmereit

Ved raudt nivå har barna kortare tid i barnehagen på 6,5 timar. Telseth seier at dei då har moglegheit til å utføre enda betre smitteverniltak, men det verkeleg positive er at borna får tettare oppfølging og at dei vaksne kan vere med barna heile dagen. 

– Styrka relasjonar

Slik det er no, på gult nivå, må dei ansatte ta ut planleggingstid i tida barna er i barnehagen, dette utan at ein annan vaksen dekkjer opp når ein må gå. 

– Det er ingen som kjem inn når ein vaksen må ut, fortel Telseth.

Ho seier at det pedagogiske arbeidet og relasjonane mellom barn og vaksne vert styrka når det er mindre grupper, og dette erfarte dei som svært positivt på raudt nivå.

Det er viktig at barna har nok vaksne kring seg... Det å dele opp i smågrupper er også godt for borna, seier styrar Telseth.

Mork barnehage. Foto: Dina Kleiven

– Kan vere positivt for barna

Bjerknes fortel også at smitteverntiltaka gjer at borna blir mykje meir bevisst på dette med hygiene.

 Dei er flinke til å ta opp olbogen om dei må nyse eller hoste. Dei vaskar seg på hendene og bruker antibac når dei kjem og går, fortel ho, og legg til at ho trur og håper dette er noko dei vil ta med seg vidare i livet.

 

Borna ser på ein velferdsplakat. Foto: Julijane Remmereit

Telseth legger til at dei også er bevisste på at om dei kjenner på symptom, så skal dei halde seg heime.

Trass i at det er ein pandemi, har fråverstala vore svært låge både hjå personalet og hjå borna, og dei trur at dette truleg er eit resultat av smitteverntiltaka. 

Frå ein vegg på Mork barnehage. Foto: Dina Kleiven

- Eg saknar å gi ein klem, seier Nina Telseth

Sjølv om det er korona og ein må halde avstand, så får barna i barnehagen omsorg og ein klem når dei treng det, men dei kan ikkje klemme alle.

– Eit- og toåringane kryp opp i fanget og ber om den nærleiken dei treng, og den biten kan ein ikkje gjere noko med, Seier Bjerknes.

Men det er kun dei barnehagelærarane som er på deira avdeling som får lov til å klemme. På den andre sida må styrar Nina Telseth halde avstand til dei fleste, for ho skal ha ein finger med i spelet ved alle avdelingane. Før pandemien hadde dei felles samlingar der ho fekk sjå alle saman samtidig. Ho seier at ho saknar å ha desse samlingane, og å kunne gi den klemmen til borna på Mork.

Ho tilføyer at ho ser fram til den tida ho ikkje treng å tenkje på restriksjonane lenger.

–  Eg saknar å gi ein klem.

Her kan du sjå reportasja frå Mork barnehage: