All takke til norsklærarane

Styreleiar for Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm (t.h) gav Geir Sverre Braut diplom for Årets nynorskbrukar. Foto: Synnøve S. Hefte
Tysdag vart prisen for Årets nynorskbrukar for 2020 delt ut på Ivar Aasen tunet. Geir Sverre Braut fekk prisen for å gjere nynorsk sjølvsagt i helse- og tryggleiksfag.
Vegen til språkleg utforming
ØRSTA: Braut er både lege, spesialist i helsemedisin, professor i helsefag og sit i koronakommisjonen som er utnemnd av regjeringa.
– Det er veldig gildt å stå her, og veldig overraskande å bli tildelt prisen, sa Braut då han tok imot diplom og 100.000 kroner i prispengar.
Braut vedgår at det også er skremmande å få denne utmerkinga, med tanke på at det på eit vis er ei tillitsfråsegn. Han er spent på om han klarar å leve opp til forventingane som ligg i det å få ein sånn pris.
–Min veg fram til denne prisen, er at eg har hatt ekstremt mange gode norsklærarar, seier Geir Sverre Braut, med ei tåre i augekroken.
Han stoppar opp litt, før han held fram.
–Å tenkje tilbake på dei, og minnast kva evne dei har hatt til å lære meg å lytte, skrive, fortelle, og ikkje minst lese, har vore eit ekstremt vesentleg grunnlag for meg med tanke på korleis eg nyttar språket.
Braut trur noko av det viktigaste ein kan gjere for å arbeide for å sikre nynorsk og andre minoritetsspråk, er å ha grunnmateriellet i dei grunnleggande åra. Han siktar til grunnskulen og vidaregåande.
Etter prisutdelinga hadde Per Finnanger Sandsmark, som er direktør i Nynorsk kultursentrum, ein samtale med Braut der dei blant anna snakka om korleis ein som minoritetsspråkbrukar ofte er nøydd å tilpasse seg andre i jobbsamanheng.

I år er det 20. året prisen Årets nynorskbrukar blir delt ut av Nynorsk kultursentrum. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi m.a. musikkgruppa Side Brok, toppidrettsutøvar Kari Traa og frisørgrunderane Floke og Balanzera