Hareid kjempar om prestisje-status
 

Årets nynorskkommune

Hareid er éin av fire kommunar som kan bli Årets nynorskkommune. Foto: Arkiv

Hareid er med i kampen om å bli årets nynorskkommune.

Den årlege prisen for Årets nynorskkommune skal bli delt ut til den kommunen som har vore god på å bruke nynorsk i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronoakrisa. Hareid er ein av kommunane som er i finalen. 

Hareid kommune er ein av fire kommunar som er nominert til å vinne prisen og premien på 100.000 kroner. Dei tre andre kommunane er Kvinnherad kommune, Sunnfjord kommune og Voss herad. Prisen blir delt ut av kulturminister Abid Radja (V).

– Vi har fått mange gode søknader frå både små og store nynorskkommunar i år. Det er oppløftande å sjå så mykje godt nynorskarbeid ute i kommunane. Samtidig gjer det arbeidet med å velje ut priskandidatar vanskeleg. Etter ei samla vurdering av nynorskarbeidet i kommunane har juryen landa på fire verdige kandidatar til prisen Årets nynorskkommune 2020, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvaranes til ein pressemelding. 

I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Juryen ser at alle dei nominerte kandidatane har jobba godt med å tilby innbyggjarane klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. 

Hareid utmerkar seg

Hareid kommune og Kvinnherad kommune utmerkjer seg særleg i arbeidet med integrering og opplæring. Hareid kommune gir arbeidsinnvandrarar tilbod om gratis nynorskopplæring. 

Ordførar Bernt Barndal seier at dette tilbodet har dei hatt i fleire år. 

– Me tilbyr alltid norsk opplæring, sjølvsagt på nynorsk. 

Barndal meiner sjølv at det er fortent at dei er ein del av finalistane. Han seier at det er ein sjølvfølge at all informasjon som kommunen legg ut skal vera på nynorsk. 

Prisutdelinga vil finne stad i Målstova på Najsonalbiblioteket i Oslo 30. oktober kl. 12.30-13.30