Mykje feilparkering ved høgskulen

feilparkering ved høgskulen

Kvar gong politiet kjøyrar forbi høgskulen, er dei nødt til å gi bøter på grunn av feilparkering. FOTO: privat

Politiet har denne veka skrive ut ei rekkje bøter til feilparkerte bilar ved Høgskulen i Volda.
 

VOLDA: Det har vore problem med feilparkeringar ved parkeringsområdet mellom Berte Kanutte-huset og Kaarstad-huset på høgskulen. Politioverbetjent Geir Helge Ådneram fortel at dette har vore stort problem lenge, og at det har vore eit aukande problem dei siste åra. 

Ådneram seier at feilparkering på området skaper vanskar for bebuarane i nærleiken, og for reinhaldsverket når dei skal hente søppel. Han fortel også om foreldre som er redde for borna sine når dei skal gå heim frå barneskulen som ligg like ved. 

– Me skulle gjerne prioritert tida vår på andre ting, men dette går ut over trafikksikkerheit, jobb og næringsliv, då er me nøydde til å gjere grep, seier Ådneram.

Problemet med feilparkering har vore spesielt stort no når det pågår utbygging ved høgskulen, som gjer at det er færre parkeringsplassar enn vanleg. Politioverbetjenten fortel at folk tek sjansar og parkerer på gang- og sykkelvegar, eller stadar det står det er forbode å parkere.

– Bøter hjelper der og då, forhåpentlegvis spreier bodskapen seg. 

Ådneram meiner det er verst om hausten når nye studentar byrjar på høgskulen. Han oppmodar studentar til å heller nytte andre framkomstmiddel enn bil. Det er mange studentar som bur nære skulen, men brukar bilen sidan den er lett tilgjengeleg. Dette tek opp parkeringsplass til folk som bur langt vekke og skal på jobb.

– Me håpar at det kjem ut informasjon til studentar om at dei bør la bilen stå, og heller bruke sykkel eller gå.