Grendalaget kjempar for gangveg i Åmdalen, men fylket nedprioriterer saka

Frå aksjonen i Åmdalen 2. februar

Både små og store møtte opp for å aksjonere 2. februar. 
Foto: Hildegunn Welle

Innbyggjarane i Åmdalen aksjonerte for gangveg i Åmdalen 2. februar. Hildegunn Welle fryktar derimot at røysta deira ikkje vil bli høyrt.

ØRSTA: Hildegunn Welle (35) er tobarnsmor og styreleiar i Åmdal Grendalag. Ho har aktivt vore i kontakt med Ørsta kommune og fylkeskommune om å byggje gangveg ved strekninga mellom Åmås Friskule og Dalane Skule.

Vegen har ei 60-sone, og fartskontrollar har fleire gongar målt brot på grensa. Kvar dag går mange born ned til vegen, og må krysse den for å nå sine busstopp. 

Hildegunn Welle ved Dalevegen.
Hildegunn Welle er bekymra for folk si tryggleik i Åmdalen om ikkje gangvegen kjem.
Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

– I fleire år har kommunen gitt lovnadar om at gangvegen skal kome, men etter det høyrer vi lite og vi må spørje igjen, seier Welle.

2. februar demonstrerte 40-50 innbyggjarar i Åmdalen. Demonstrasjonen blei halden i tidsrommet 1730 til 1800 ved alle busstoppa mellom Åm og Dalane Skule. Tidspunktet blei valt sidan dette er rushtida i Åmdalen. Rundt 4000 bilar køyrer gjennom dalen kvar dag ifølgje trafikkdata frå Statens Vegvesen. Aksjonen vekte stor oppsikt. Håpet er at Ørsta kommune og fylkeskommunen tek tak i situasjonen, og startar arbeidet med gangvegen.

– Mange foreldre har opplevd fleire nesten-ulykker, og i 2017 døydde ein mann då han blei påkøyrd her. Då gjekk vi fakkeltog for å demonstrere kravet vårt om gangveg, men det skjedde ingenting då heller, seier Welle.

Ho fortel vidare at ein gangveg vil samle innbyggjarane i Åmdalen. 

– Når vegen er såpass farleg blir mange lukka i sine eigne nabolag. Distansen mellom husa i Åmdalen er stor. Alternativa er å måtte køyre borna, ellers kan dei berre gå til sine næraste naboar.

Ligg ikkje på prioriteringslista til fylkeskommunen

Seksjonsleiar i fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal, John Hauger, seier fylkeskommunen er i gang med å lage budsjett for investeringsprogrammet dei neste åra. Gangvegen ligg ikkje på lista. Hauger kan derimot forsikre at fylkeskommunen har den i tankane.

– Det er uvisst når gangvegen kan bli påbegynt.  Vi kan ikkje love noko, men vi skal revidere budsjettet neste halvår og det kan hende den dukkar opp då. Det er fleire strekningar i heile fylket som har dei same problema. Då er det opp til kvar enkelt kommune og fylkeskommunen å prioritere det som er mest naudsynt. Gangvegen ligg høgt oppe på prioriteringslista til Ørsta kommune, så ingenting er umogleg, seier Hauger. 

Bekymra for elevane sin tryggleik

Rektor ved Dalane skule, Audhild Baarholm Øye, meiner det er viktig med gangveg gjennom Åmdalen. Mange av elevane ved skulen har tilgang til skuleskyss, på grunn av farleg skuleveg. Nokre av desse elevane har gåavstand til skulen.

– Det er uheldig at ein ikkje har lukkast med å få gangveg enda. Eg veit at politikarane har jobba aktivt inn mot fylke for gangvegen, men det er fylkeskommunen som avgjer når arbeidet kan starte, seier Øye.

Ifølgje Øye er det fleire grunnar enn tryggleiken til elevane for å byggje gangveg. 

– Det er godt for den fysiske helsa til elevane og andre som ferdast langs vegen å ha ein trygg veg å gå på. Elevane sit unødig lenge på bussen på ettermiddagen, så om det hadde vore trygt å gå eller sykle heim har dei meir tid til lekser og leik, påpeiker rektoren. 

Ho meiner også at kommunen vil spare mykje pengar på å byggje gangvegen. 

– Det kostar mykje å ordne gratis skuleskyss til alle elevane som eigentleg ikkje trenger det, avsluttar Øye.

Nærnett har vore i kontakt med Ørsta kommune. Dei viser til fylkeskommunen i denne saka.