Mobbeombodet har blitt ein fast ordning

Kristin Øksenvåg er spent på korleis dette skuleåret vil bli. Foto: Presse

– Mobbeombodet byrja som ei prøveordning i 2018 for alle fylka i Noreg, fortel Kristin Øksenvåg, som er mobbeombod for Møre og Romsdal. Ho kan informere om at det no har blitt ei fast ordning. 

Mobbeombodet er ei støtteordning for blant anna mistrivsel, mobbing og utestenging. Dette gjeld for born og ungdommar frå barnehagen heilt til 10. klasse. Ordninga har halde på i over to år no, og Øksenvåg seier at det har vore ein stor auke med folk som har vendt seg til støtteorganisasjonen i løpet av denne perioden. 

Ho kan bekrefte at det har vore 70 henvendingar det siste året, der 60 av dei var før korona. 

Det har vore ganske stille det siste halvåret på grunn av pandemien, og me er veldig spente på korleis dette skuleåret vil bli. 

Det er ofte tilsette eller leiarar i barnehagar og skular som tek kontakt med støtteorganisasjonen, men det er flest foreldre. Øksenvåg kan informere at heile 60 prosent av dei som tek kontakt med ombodet er foreldre. 

– Dei veit ikkje kva rettigheiter dei har, derfor hjelp me å vegleda dei.  

Foreldre ringer som oftast for enkeltsakar, der dei ikkje veit kvar dei skal starta. Me svarar på spørsmåla dei har, gir dei råd og rettleiing på korleis dei kan gå vidare med ein sak, seier Øksenvåg. 

Ho fortel at nokon sakar står fast sidan det er høgt konfliktnivå. Då kan Mobbeombodet være med på møte for å følgje med at rettigheitene til bornet blir ivareteke. 

– Det er lett å gløyme kva rettigheitar bornet har i slike konfliktar, fortel Øksenvåg.