Augelegen flytta til Ålesund bak ryggen på kommunen

Nøytral Stein

Ordførar i Ørsta, Stein Aam, føler at kommunen har vorte dolka i ryggen. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

I februar vart det klart at augelegen i Ørsta må flytte til Ålesund hausten 2021. Vedtaket vart derimot gjort bak ryggen til kommunen.
 

ØRSTA: – At augelegen no vert flytta til Ålesund er trist og gale for alle som har behov for sånne tenester på Søre Sunnmøre. Det som er enda verre er at vi ikkje har fått uttalerett i saka før vedtaket vart bestemt, seier ordførar i Ørsta, Stein Aam.

Det var Møre-Nytt som skreiv om denne saka først. 

I samarbeidsavtalen mellom Helse Møre og Romsdal HF og kommunane, er det eit prinsipp om å varsle kvarandre om endringar i organisering av tenestene, men i denne saka vart altså Ørsta kommune ikkje informert.

Dolk i ryggen

I eit brev til Helse Møre og Romsdal, viser Aam til at han fann ut om flyttinga i avisa, og at det kom som ei overrasking for alle involverte. Han opplyser at kommunen meiner slik oppførsel ikkje er akseptabel.

 Det er ein dolk i ryggen. Vi skal eigentleg ha moglegheit til å uttale oss før eit slik vedtak vert gjort. Mange er bekymra for dette her og mange tek kontakt. Difor sendte vi brevet som vi må prøve å følgje opp vidare, seier Aam til Nærnett. 

Aam ser på det som problematisk at innbyggjarar med augeproblem må dra med seg pårørande inn til Ålesund, i staden for å ha tilbodet tilgjengelig i Ørsta. Ordføraren meiner at det ikkje er akseptabelt at Søre Sunnmøre vert sentralisert inn mot Ålesund på denne måten. 

Ørsta kommune vil no halde kontakta med helseføretaket i Møre og Romsdal for å sjå kva moglegheiter dei har framover.

–  Vi vil jobbe vidare med det og sjå om det er mogleg å stoppe prosessen eller om vi er bundne til vedtaket. Dette er nærmast eit diktat og vi er oppgidde og provoserte, seier ordførar Aam.

Svar frå Helse Midt-Norge

Helse Midt-Norge beklagar at Ørsta kommune ikkje har vorte godt nok informert om avgjerdsla, men at dei i samråd med Helse Møre og Romsdal har vorte einige om å styrkje augelege-situasjonen i Ålesund-området. I ein e-post skriv helseføretaket at pasientane i Ørsta framleis vil ha eit forsvarleg augelege-tilbod, og at det aldri har vore ein intensjon om at pasientar frå Ørsta no skal reise til Moa. Dei skal primært nytte seg av tilbodet i Ulsteinvik.