Sterk smitteøkning – påbyr folk å bruke munnbind 

Reisande må belage seg på å bruke munnbind på ferja

Munnbind på ferjer og hurtigbåtar i Ålesund/Giske/Sula-regionen blir påbode. Illustrasjonsfoto: Mathias Engstrøm Sandstøl 

Reisande må belage seg på å bruke munnbind dersom dei tar ferje eller hurtigbåt i Ålesund og omegn. Dette får óg konsekvensar for Ulstein. 

ULSTEIN: – Påbodet gjeld eigentleg dersom ein ikkje klarer å halde ein meters avstand. Men vi blir råda å seie at det gjeld uansett, fortel kommuneoverlege i Ulstein, Norunn Kirkebø Elde. 

Søndag innførte nabokommunane Ålesund, Giske og Sula ei rekkje strenge tiltak. Bakgrunnen for dette, er ein sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i området.

Dette får også følgjer for Ulstein, melder kommunen på deira heimeside. 

– Pendlarar og dei som går på skule i Ålesund – alle som reiser til Ålesund – blir ramma, seier kommuneoverlegen. 

Påbod om heimekontor 

I forskrifta som blei publisert søndag heiter det dessutan at: Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. 

Det er ikkje Ulstein som står bak forskrifta, men dei blir likevel påverka.

– Vi som reiser inn til deira kommunar er nødt til å ta omsyn, seier Kirkebø Elde.

Utanom Ulstein, råkast også Hareid av dei nye tiltaka. Dei nye råda og reglane gjeld til og med 11. april.

Retningslinjer: 

  • Det er plikt til å bruke munnbind på ferjer og hurtigbåtsamband – om det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.
  • Alle frå Ålesund, Giske og Sula som pendlar til Ulstein, og alle frå Ulstein som pendlar til ein av desse tre kommunane, og som har moglegheit for å ha heimekontor, skal ha heimekontor.