Ettermiddagssending tysdag 23.03.2021

Ettermiddagssending tysdag 23.03.2021

Å hamna i isolasjon på grunn av koronasmitte er ikkje ein ideel situasjon, spesielt ikkje for menneske som er avhengig av assistanse døgnet rundt. Kva skjer når menneske med assistansebehov blir smitta? Kami Skotholmen er ein restaurant rik på både smakar og historie. Du får bli med oss ut på holmen for å finna ut meir om restauranten.

Vi har òg tatt ein prat med ugle-forsker Rolf Tjere Kroglund, som seier at ugler dessverre har ein lei tendens til å falla ned i skorsteinar når dei skal finna ein stad å bu.  I tillegg får du i dagens sending høyra dei to første delane av Radio Voldas påskekrim.

Bli med Ulrik Edh Hasselgård på ettermiddagssendinga hos Radio Volda. Du får tilgang på dei ferskaste nyheitene frå Søre Sunnmøre.

Ansvarleg redaktør: Jørgen Warvik Lyngvær
Programleiar: Ulrik Edh Hasselgård
Produsent: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen
Reportere: Martin Langeveld, Astrid Storvig, Julie Bendiksen, Nora Bakketun, Sigrid Moa, Erlend Haug, Trygve Løkka Wølner.  
Livereporter: Maja Edelborg Reiss 
Nyheitsopplesar: Julie Brænde Helle og Emily Hammer