Morgonsending tysdag 23.03.2021

Morgonsending tysdag 23.03.2021

 

Hest blir av mange sett på som ein ting for jenter, men Andre Wiik driv gard på Krøvelen i Ørsta, og meiner at hest og riding er for begge kjønn. Det siste året har vore tøft for kulturbransjen. Reporter Sigurd Benan går live saman med grunnleggar av produksjonsselskapet Oclin, Atle Vassbotn Remmereit, for å høyra korleis dei har klart seg i løpet av det siste året.

Volda og Ørsta trialklubb har fått lov til å halda på bortimot normalt under heile pandemien. Leiar for trialklubben er sikker i si sak om at dette blir verdsett blant medlemmene. I tillegg får du høyra om det nye terrengsykkelanlegget på Bratteberg i Volda, som skal takast i bruk under X2-festivalen i april. 

Bli med Carolyn Hannigan på morgonsendinga hos Radio Volda! Her får du høyra dei ferskaste nyheitene, samt innsiktsfulle reportasjar frå Søre Sunnmøre 

Ansvarleg redaktør: Jørgen Warvik Lyngvær
Programleiar: Carolyn Hannigan
Produsent: Didrik Loose
Reportere: Vemund Hansen Rognstad, Jenny Førland, Ida Kloppen, Lotte Solheim Johannessen. 
Livereporter: Sigurd Benan. 
Nyheitsopplesar: Ingrid Stokke