Snart vil Volda kommune berre sende digital post 

Volda kommune vil berre sende digital utsending til bedrifter og organisasjonar

Volda kommune ynskjer å bidra i digitaliseringsprosessen. Foto: Arkiv

Volda kommune er godt i gang med digitaliseringsprosessen. No forsvinn moglegheita for fysisk post for organisasjonar og bedrifter.  

VOLDA: På heimesida si opplyser Volda kommune at brev berre skal sendast digitalt. Posten vil bli sendt på meldingstenesta Altinn. Endringa trår i kraft 12. april 2021.

Dersom ein ikkje åpner digitale brev innan den gitte tidsfrista, vil det altså ikkje bli sendt fysisk. Dette gjeld alle som er registrert i Einingsregisteret og har eit organisasjonsnummer. Kommuna opplyser difor at det er viktig at ein eller fleire varslingadresser er registrert på Altinn.

– Vil truleg ikkje byde på utfordringar

Avdelingsleiar i dokumentasjon og service i Volda kommune, Inger Johanne Johnsen, er sikker på at endringa vil føre til positive effektar. Ho opplyser at kommuna har hatt digital post lenge og at dei fleste organisasjoner og bedrifter leser den digitalt. 

Johnsen oppfordrer alle som får digital post til å lese den med ein gong dei får varsel. 

– Vi vil spare på dette. Ikkje mykje, men vi slepp å bruke pengar på fysisk post. I tillegg er det miljøvenleg når ein slepp å bruke papir og frakt, seier Johnsen.

Endringa er i tråd med Regjeringa sitt ønskje om digitalt førsteval.