Trond Hide har vore eigar av Bøen Gard i 19 år. Sidan 2005 har Gjerdsvik-garden vore ein del av "Inn på tunet".

Har klokkartrua på utvikling av menneske

Trond Hide har eigd Bøen Gard sidan 2003. Nesten 20 år seinare er "Inn på tunet"-garden framleis i full sving.

Publisert Sist oppdatert

GJERDSVIKA:

"Inn på tunet"

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje mestring, utvikling og trivsel. (Statsforvaltaren i Møre og Romsdal)

Hide er utdanna sosionom, men har også studert skog og vedlikehald. Der la dei til rette for aktivitetar ute og etterkvart kom idéen om å drive gard sjølv fram.

– Då tenkte eg at garden min skulle vere ei vidareføring av det.

Gjerdsvikaren tok over Bøen Gard saman med partnaren sin Bente Krumsvik. I 2005 vart garden ein del av "Inn på tunet"-ordninga. Hide meiner at det å få vere saman med dyr ute i det fri, samstundes som ein er i eit skjerma miljø, er særs gevinstgjevande.

– Det å få utvikle seg som den ein er og å sjå folk som den dei er, har eg klokketrua på. Det er nauta viktig uansett kva det handlar om.

– Investeringar blir ein risikosport

Der er derimot ei problemstilling som har gitt eigaren hovudbry. Garden får berre eittårskontraktar.

– Det er vanskeleg å planleggje noko sidan alt er litt kortsiktig. Investeringar og liknande blir ein risikosport, fortel eigar Hide.

Ordførar i Sande kommune, Olav Myklebust (Sp), forklarar at ein av grunnane til det, er kven brukarane er.

– Det har litt med at ein del av brukarane er skuleelevar. At ein må sjå an skuleåret og kva skal ein leggje opp til.

VIKTIG: Sandeordførar Olav Myklebust (Sp) meiner "Inn på tunet" er ei viktig ordning.

- Blomstrar opp

Senterpartipolitikeren meiner likevel at tilbodet er viktig å bevare. Han legg vekt på at det er ein del folk i området som treng og dreg stor nytte av eit "Inn på tunet"-tilbod, som alternativ til for eksempel den vanlege skuledagen.

– Det er mange gode eksempel på elevar som verkeleg blomstrar opp når dei får litt andre ting å gjere og ikkje minst kontakta med dyr, konstaterer Myklebust.

Ved sidan av ordførarvervet, er sandssokningen bonde. Difor er han klar over viktigheita av menneskelege og andre typar ressursar i eit slik verksemd.

– Dei er heldige her med Trond og Bente som er utruleg flinke både med dyr og folk. Det gjer at det her er eit godt tilbod, poengterer ordførar Olav Myklebust.

Powered by Labrador CMS