Aasentunet vert fylt med sanseinntrykk på verdas poesidag

Jakob Sande vart vekt til live

På verdas poesidag 21. mars kunne ein sjå og høyre Jakob Sande sine dikt i ei ny drakt då musikar Viljar Losnegård og skodespelar Idun Losnegård besøkte Aasentunet. Ein sju veker lang turné gjennom Vestlandet er no i gong.

Publisert Sist oppdatert
Viljar Losnegård

ØRSTA/VOLDA: -Vi prøver å sette dikta til Jakob Sande i ein litt anna kontekst, fortel Viljar Losnegård. Han har forma musikken til forestillinga.

– Eg kjem frå Dale, same stad som Jakob Sande. Eg har vakse opp 250 meter frå der han vaks opp. Men det er ikkje før dette prosjektet at eg har dukka ned i materien hans, fortel Viljar.

Dikta til Sande har tidlegare vorte tolka med humor som verkemiddel. I denne forestillinga har Losnegård-søskenbarna ønska å sette eit nytt lys på verka hans.

– Vi har funne nokre punkt i dikta der vi ønsker å tilføre noko nytt.

Kven var Jakob Sande? (1906-1967)

  • Kom i frå Dale i Sunnfjord
  • Ga ut ti diktsamlinger og tre novellesamlingar i si levetid
  • Jobba fleire år som lektor i Oslo og Fredrikstad
  • Var også et år til sjøs i 1932-1933

Musikkprodusent til sjøs

Viljar har bakgrunn som musikkprodusent og lyddesigner i studio. Han har mellom anna laga musikk for NRK og fleire kjende artistar. Til vanleg bur han i seglbåt, og fortel at båtlivet og musikerlivet lar seg kombinere.

– Eg og sambueren min flytta eigentleg til Dale, men så kjøpte vi ein seglbåt og flytta inn i den. Vi segla til Tyskland. Då Omikron-viruset kom, måtte vi tilbake til Noreg. I mai reiser vi tilbake til Tyskland for å segle vidare.

Men før den tid skal Viljar og søskenbarnet Idun halde fram med turnélivet.

Framsyninga på Aasentunet var den andre forestillinga i ein turné som skal halde på i sju veker. Reisa går til ulike stader på Vestlandet.

– Eg gledar meg til å reise rundt i fylket, vere litt turist. Det har vore spesielt fint å kome hit til Volda/Ørsta. Naturen her er annleis. Der eg kjem frå er det fleire krokar, her er det store fjell, og store fjordar.

Statue utanfor huset

Naturen er eit viktig tema også i dikta som blir formidla på Aasentunet denne måndagskvelden. Jakob Sande henta mykje inspirasjon frå heimtraktane sine når han skreiv dikt.

– Rett utanfor huset mitt i Dale er det ei statue av vesle Daniel frå diktet "Då Daniel Drog". Eg fann ut at diktet vart skrive til ein som sat i rullestol. Diktet handlar om då Daniel reiste ut i verda, men vart skrive til ein som ikkje kunne reise sjølv.

Eit av Sande sine mest kjende dikt, “Likfunn”, skal også vere inspirert av ei ekte historie.

– Det går mange rykter i bygda om kven denne personen frå diktet var. Det seiast at Jakob Sande var i begravelsen hans.

Powered by Labrador CMS