Maria Vartdal i fjellrike omgivnadar heime på Vartdal.

Gjenforeina med familien etter 50 år

Maria Vartdal var seks år gammal då ho blei adoptert frå Colombia til Noreg. Etter tre namneskifte og ein norsk oppvekst i Spjelkavik i Ålesund, tok ho turen tilbake til Popayan i Colombia for å treffe sin biologiske familie. Dette er hennar oppleving.

Publisert Sist oppdatert

Ørsta/Vartdal: I 1976 kom Maria Patricia Vartdal til Noreg. Allereie i ein alder av seks år hadde ho vore igjennom mykje.

Bakgrunn og tidlege minner

Då Maria framleis hadde fødenamnet sitt, Silviana Patricia Mambuscay, døydde mora hennar. Maria var då to år gammal. Dette førte til at dei tre systrene blei splitta og Maria hamna hos ein fosterfamilie som gav ho namnet Maria Patricia Velasco. Ho blei dårleg behandla av fosterforeldra, og blei etterkvart sendt på barneheim.

- Det var ikkje ei god oppleving slik eg hugsar det. Det gjekk i kalde dusjar, lite mat og brun banansuppe. Derfor spis eg ikkje banan som vaksen, seier Maria etterfulgt av latter.

Vartdal ser på seg sjølv som heldig for at ho blei adoptert til Noreg. Men det har ikkje berre vore ei fryd å bli adoptert til eit framandt land med eit ukjent språk.

- Det har ikkje vore enkelt bestandig, men det har også vore mykje positivt.

I mesteparten av livet har Maria Vartdal levd uvitan om at ho har to eldre halvsystre, Rocio og Nancy i Colombia. For tre år sidan kom ho i kontakt med Arturo Sierra. Då endra alt seg. Han har vore til god hjelp og har gjort ein omfattande jobb. Han sørga for at Maria kom i kontakt med systrene sine i Colombia. I tillegg stilte han opp som tolk for Maria og hennar familie, fordi Maria ikkje snakka spansk.

Har aldri følt seg klar

Maria fortel at ho eigentleg aldri har vore klar til å finne familien sin i Colombia. Vartdal henta motivasjon frå mannen, ungane sine og andre familemedlemmar til å nøste opp i si eiga ukjende fortid.

- Eg har barn og barnebarn. Då kan det vere greit den dagen eg ikkje er meir, at dei veit om sitt opphav og kvar dei har genane sine frå, fortel Maria

Stor velkomst, men ikkje familiært

4. februar 2022 var det duka til reise til Popayan i Colombia for å møte systrene til Maria. Maria reiste saman med dottera Helena, mannen Hogne og Arturo Sierra som tolk.

Då dei kom til Colombia fekk dei ein stor og inkluderande velkomst med opne armar og opent hus. Trass i den store velkomsten, føltes det ikkje som heime.

Frå venstre: Helena Vartdal, Arturo Sierra, Maria Vartdal og Hogne Vartdal i Colombia for å treffe familien til Maria.

- Eg hadde ikkje nokre forventningar før eg drog til Colombia når det gjaldt familie. Så klart tenke du på at du kanskje får dette sterke familebandet, men eg har ikkje fått det.

Blant familien i Colombia var kjenslene motsett.

- For dei var det lillesystra som kom heim. Dei hadde visst om meg og leita etter meg.

I leitinga etter deira savna syster, hadde Nancy og Rocio spurt fleire folk og kontakta barnheimen til Maria, men til inga nytte. Til slutt fekk dei beskjed om at Maria var adoptert til Tyskland.

Forskjellege liv og første gong i rulletrapp

Maria har levd eit nokså annleis liv enn systrene sine i Colombia. Til kontrast til Maria sitt liv hadde ikkje familien hennar i Colombia moglegheit til å unne seg goder som å fare på kafè og kjøpesenter med rulletrapp.

Dette endra seg då Maria kom på besøk. Ho tok med seg familien på sitt aller første kafebesøk.

I tillegg drog dei på eit kjøpesenter med ei rulletrapp og det var eit sjeldant syn, spesielt for Rocio, den eldste systra til Maria.

- Rocio hadde aldri tatt rulletrapp. Ho vart livredde og byrja å grine, fortel Maria.

Etter to og ei halv veke med ny familie og nye inntrykk og opplevingar tok reisa til Colombia slutt. Det blei ein tårevåt avskjed.

Maria spanderer det aller første kafebesøket til familien sin.

Det neste på agendaen

Etter gjenforeninga i Colombia sit Maria med nye spørsmål som ho kanskje aldri får svar på, men ho angrar ikkje på at ho drog ned. I tillegg håpar ho på å få familien i Columbia til Noreg. Førebels har dei ikkje kunne treffe kvarandre fysisk i Noreg enno, men dei har god kontakt.

I etterkant av møtet seier ho at ho kan bistå med hjelp til andre som er i samme situsjon som ho har vore i. Ho seier at det er berre å ta kontakt med ho som igjen kan knytte kontakt med Arturo Sierra.

Powered by Labrador CMS