Pølsefest i Noreg

I Noreg blir det ete i snitt 16 pølser i sekundet, ifølge NRK. Men, kor kjem pølsene frå?

I Noreg et vi rundt 13 millionar pølser på nasjonaldagen. 17. mai er ein dag for grilling. Det tilsvarer omtrent to og ei halv pølse kvar.

På Shell i Ørsta sel dei mellom 300 og 400 pølser i uka. Salet toppar seg natt til søndag.

– Dagane varierer, men vi sel mest rundt høgtider. Ostegrill er ein bestseljar, fortel Hadid Tavaen.

Kiwi Skjellebreida selde 2691 pakker med dei mest populære pølsene i løpet av det siste året.

På ei normal veke uten høgtid, sel dei rundt 40 pakker.

På Circle K i Volda sel dei óg mykje pølser.

– Vi ligg på rundt 26.665 pølser i året, det vil seie 73 om dagen. Det er mest grillpølser som går, seier Nora Sæbønes.

Om ein legg alle pølsene nordmenn et på eitt år etter kvarandre, rekk dei rundt jorda to og ein halv gong.

Trass i at marknaden utvidar seg, og det finst pølser laga på bønner, soyaprotein, erter med meir, er det ingen tvil om at tradisjonelle pølser med kjøtt er mest populært. Dei blir oftast laga på svin- og storfekjøtt. Men å drive gard med gris og storfe er ikkje berre enkelt. I 2020 skreiv NRK Møre og Romsdal at fleire grisebønder legg opp. Det er ikkje lønsamt å drive med, og motivasjonen til bøndene må være høg.

Grisebonde John Magne Krøvel i Ørsta, legg ikkje skjul på at det er ei utfordring å få drifta til å gå opp. Han går stort sett i null. Men, han vil ikkje drive med noko anna.

Ikkje berre kos

Krøvel elskar jobben sin, men det er tøft og einsamt arbeid. Han er engasjert og pratsam når vi kjem på besøk. På veg inn i fjøset får vi beskjed om å kle oss i heildress, støvlar og med buff på hovudet. Det handlar om hygiene. Krøvel fortel om livet som bonde. Grisene kjem nysgjerrige bort når vi kjem.

– Økonomien er ei utfordring. Hadde bedrifta vore eit vanleg aksjeselskap, hadde det vore konkurs for lenge sidan, seier Krøvel.

Ved full produksjon har Krøvel 1000 grisar. Akkurat nå har han 699. Drifta er aldri økonomisk god nok til å ta ut noko særlig lønn, og mange bønder må rekne med gjeld.

– Eg har ikkje råd til elsykkel og nye bilar, men eg kunne aldri tenkt meg å drive med noko anna arbeid i denne skalaen, seier Krøvel.

Bonden håper at ting i framtida vil bli lønsamt, til fordel for både dyr og menneske.

– Vi bønder er litt lettlurte, for vi går stadig og håper på at det skal bli enklare, og meir lønsamt, fortel Krøvel.

Krøvel fortel at bønder som held dei mange dyra sine trygge, reine og ved god helse, vil tene på det i det lange løp. Noken får det vanskeleg på vegen, og da kan det oppstå vonde situasjonar .

– Det går dårleg med fleire bønder, ein høyrer om tragediene. Det er ein vond spiral. Det er einsamt arbeid, og dei det går dårleg med er ofte aleine. Går det først dårleg er det ikkje tre dyr som blir påvirka, det er store dimensjonar, fortset Krøvel.

Dårleg økonomi og psykiske utfordringar kan føre til hendingar der dyra på ein gard blir overlate til seg sjølv.

Nordmenn vil fortsetje å ete pølser. Bøndene vil fortsetje å håpe på betre løn for å teke hand om dyra.