Då Ulvestad barneskule blei trua med nedlegging, blei det opna ein privatskule i staden.

Det brenn eit blått lys for Ulvestad barneskule

For å vere godkjent som ein friskule må ein ha minst 15 elevar. Tal frå dei siste fire skuleåra viser at Ulvestad barneskule vippar på grensa for å oppfylle dette kravet, og prognosene for skulekrinsen er dystre.

Publisert Sist oppdatert

I Dalsfjorden krins i Volda er det to barneskular med til saman 32 elevar. Skulane ligg ei halv mil frå kvarandre. Ein privat og ein kommunal.

I år er det 16 elevar ved Ulvestad skule, som er privat, medan dei tre foregåande skuleåra har det variert mellom 12 og 15 elevar.

Ifølge friskulelova fell godkjenninga bort dersom ein har færre enn 15 elevar tre skuleår i samanheng.

– Det er kun i spesielle tilfelle at ein kan gjere unntak for dette kravet, skriv Utdanningsdirektoratet i ein e-post:

«Unntak kan vere aktuelt for eksempel i ein utbyggingsfase der ein skule kan dokumentere eller sannsynleggjere at han i løpet av eit visst tidsrom kan oppfylle kravet»

Volda kommune går glipp av store inntekter fordi elevane går på ein privat skule framfor den kommunale skulen på Dravlaus, sju kilometer unna.

– Volda kommune får ca 100.000,- i trekk per elev i privatskule i dei statlege overføringane kvart år, skriv kommunalsjef for oppvekst Per Ivar Kongsvik i ein e-post.

Det vil seie at Volda går glipp av ca 1.600.000 kroner i statlege overføringar, om privatskulen har 16 elevar.

Dei sju kilometerane frå Ulvestad til Dravlaus var avgjerande då dei etablerte privatskulen.

Usikker framtid

I prognosene for Voldaskulen viser elevtala for Dalsfjord krins at det også blir få elevar i skulane framover.

Neste skuleår vil det vere elleve førsteklassingar, medan prognosane for skuleåret 2023/24 seier at det vil vere berre fem førsteklassingar fordelt på dei to skulane.

– Ser ein på barnesteget, er både Ulvestad barneskule og Dalsfjord skule små skular. Elevtala er etter måten låge, og det er få elevar på kvart årssteg, skriv oppvekstsjefen.

– Små skular kan vere gode skular for elevane, men det er sårbart. Der det utan større ulemper er mogeleg å samle fleire elevar, vil det etter mi vurdering vere til det beste for alle elevane, legg Kongsvik til.

Dalsfjord skule blei bygd i 2012 og kosta 80 millionar kroner.

– Alle skal kjenne seg velkomne

– Volda kommune har investert mykje pengar i eit godt og teneleg skulebygg for borna i Dalsfjord med både gymsal, amfi, symjehall og moderne, velutstyrte klasserom og fagrom, skriv rektor på Dalsfjord skule, Per Erling Sætre.

– Vi er godt rigga for framtida og ynskjer at alle heimar skal kjenne seg velkomne til å nytte Dalsfjord skule for sine born, skriv han vidare.

– Kommunen burde ta ansvar

– Ulvestad barneskule har hatt varierande elevtal heile driftstida, men vi ser no ein positiv tendens i høve til elevtalsutviklinga. Det er kanskje naturleg å ha ein skule i den bygda som har flest born og barnefødslar? skriv rektor på Ulvestad skule, Bjørn Breivik.

Breivik oppmodar om at ein eventuell debatt vert sakleg.

– Ein burde skille sak og person, og at kommunen tek det som er deira ansvar i staden for å sette bygder, bygdedelar og folk opp mot kvarandre, legg han til.

– Dette er ikkje ei enkel sak, men vi håpar det vert mogeleg å finne gode løysingar slik at vi kan få behalde skulane våre, avsluttar Breivik.

Powered by Labrador CMS