Silje Ekroll Riborg er arkivleiar i Ulstein kommune. Her i eit av arkiva i kommunen.

Ulstein er den femte mest opne kommunen i landet

Ulstein kommune er ei open kommune. Med ein femteplass på landsbasis. Nabokommunen Hareid kom på 109. plass. Men er det ein merkbar forskjell for lokalavisa?

Publisert Sist oppdatert

Tirsdag 28. september lanserte Pressens offentlighetsutval (POU) og Kommunal Rapport ein openheitsrapport, der blei landet sine mest og minst opne kommuner kåra.

Møre og Romsdal gjekk av med sigeren på det mest opne fylket, og Ulstein kommune kom på ein femteplass over alle landet sine kommuner

– Korleis har de hamna på femteplass?

– Vi har fokus på innsyn internt, og støttar kvarandre med spørsmål vi har ved tilfelle der vi er tvil. Vi er mest opptatt av å svare raskt, og det er sikkert difor vi har gjort det bra på denne testen.

Dette seier Silje Ekroll Riborg, som er arkivleiar i Ulstein kommune. Ho jobbar med å ta vare på alle dokumenta kommunen gir og får.

Riborg meiner raske svar gav gode utfall på testen.

Dette seier ho om at ein kommune skal vere open.

– Det skal sikre eit likeprinsipp, at alle blir behandla likt. Dette er heimla i offentleglova.

Men kva er offentleglova?

Offentleglova seier at journalistar og vanlege folk skal ha tilgang til dokument som går til og frå offentlig forvaltning som kommunar, fylkeskommunar og staten. Lova skal sikre informasjon- og ytringsfridomane, demokratiet og rettssikringa.

– I praksis kan det bety at om ein nabo i gata bygger eit hus som du ikkje veit om, kan du gå inn på heimesidene til kommunen. Der kan du få opp byggesaka, sjå teikninga av huset og kva som skal bli gjort på det, seier ho.

Alt dette kan du få tilgang til på grunn av offentlegprisnippet. Kommunen fekk også ros i rapporten for å ha eit styrevervsregister.

Her ligg alle koblingane dei folkevalgte eller offentleg tilsette har.

Varaordførar i Ulstein, Stian Lehmann Scheide, finn ein i styrevervsregisteret fordi han er styremedlem i Bjørndalsfondet, i tillegg til å vere politikar.

Varaordførar Stian Lehmann Scheide finn ein i styrevervsregisteret. Noko som gjer kommunen meir open

– Kvifor er det viktig å ha eit slikt register?

– Det er viktig at folk veit kva eit politikar gjer utanfor politikken. Om dei får ei kjensle av at politikarane prøver å skjule noko, kan dei enkelt sjekke det her, seier Scheide.

Kva seier pressa?

Ingvild Aursøy Måseide er journalist i Vikebladet Vestposten. Ho jobbar mykje med innsyn i både Ulstein og Hareid.

Ingvild Aursøy Måseide som søker innsyn på kontoret sitt i Ulsteinvik

Ho seier det er fint å jobbe i Noregs femte mest opne kommune.

– Det at dokumenta er lett tilgjengeleg gjer det enklare for meg å gjere jobben min og bruke tid på innhald, framfor å få tak i dokumenta, seier ho.

– Du har både Ulstein og Hareid som dekningsområde, Ulstein kom på 5. plass og Hareid på 109. plass. Merkar du ein forskjell på dei forskjellige kommunene når det kjem til openheit?

– I grunnen ikkje. Eg les jamnleg postlister og følgjer med på sakspapir til ulike kommunale utval, og der er begge kommunane flinke. Men det hender eg betiller eit dokument, så viser det seg at det er eit gamalt brev frå eit halvår tilbake. Hareid kommune er flinke til å leggje ut søkjarlister til kommunale stilingar, det gjer ikkje Ulstein. Der må eg sjølv følgje med og be om listene, så der er Hareid betre.

Sjølv om kommunen gjer det bra på papiret, meiner journalisten at det er rom for forbetring.

– Sakspapira til det kommunale føretaket Ulstein Eigedomsselskap KF kjem gjerne seint ut på nettsida.

Å søke innsyn er ein viktig del av journalistar sitt arbeid. Dette meiner også Måseide.

– Det er viktig for innbyggarane og lesarane våre å få innsikt i kva som skjer i kommunen. Ikkje berre det kommuneleiinga vil ha ut av informasjon, men også meir kritikkverdige forhold.

Powered by Labrador CMS