
80 flyktningar til Volda i 2024
Volda kommune vart oppmoda å ta imot 130 flyktningar i år. Torsdag vedtok kommunestyret å busette berre 80 flyktningar.
LAUVSTAD: Politikarane var delte i debatten.
Rebecca Riise Bjerknes (SP) presenterte eit forslag om at kommunen skal ta ei ny vurdering i august. Forslaget vart vedtatt.

Jan Erik Stokkeland (SV) meinte at forslaget frå kommunedirektøren ikkje var godt nok.
– Eg er redd for at det blir litt defensivt og lite konstruktivt. Press på kommunale tenester er utfordringar som må gjerast noko med uavhengig av antalet flyktningar, la han til.

Kari Aslaug Hasle presenterte eitt felles forslag frå SV, MDG og Raudt. Dei gjekk inn for å ta imot 110 flyktningar. Forslaget vant ikkje fram under voteringa.

Hasle fortalte at å ta imot færre flyktningar vil gje kommunen økonomiske konsekvensar:
– Viss vi går for 80 flyktningar, vil det innebere ein reduksjon i driftsgrunnlaget på seks til åtte millionar kroner i møte med integreringsarbeid. Så det er eit viktig argument, men sjølvsagt er det overordna det humanitære, sa Hasle.
Det var kommunedirektørens innstilling som vart vedtaket, med tillegget om ny vurdering i august.