UTBETRING: Geir Aksnes følger med på utbetringsarbeidet.

Eit halvt år etter rettssaka: No blir feila i Øvretuna retta opp

Eit halvt år etter sigeren i retten skal feila ved bustadsameiget Øvretuna i Ørsta no utbetrast. Prosessen har vore lang, men framleis er det mykje som står igjen.

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: Eit halvt år etter rettssaka mot utbyggarselskapet Tømrer Service AS, har no utbetringsarbeidet i bustadsameiget Øvretuna byrja. Styreleiar for sameiget, Geir Aksnes, er glad for at utbetringa er i gang. 

 – Rettssak er ein lang prosess. Vi halde på med saka i to år før den gjekk til retten. Og så føler ein jo at ein ikkje får lagt fram absolutt alt som er gale i retten. Ein får ikkje tid til det. 

I GONG: Slik ser det ut i Øvretuna no som utbetringarbeidet er i gong.

 Aksnes fortel at utbetringa på oversida av husa skal ta omtrent ein månad. I tillegg er det platter som skal gjenoppbyggast, og garasjer som skal isolerast på nytt. Til saman reknar han med at arbeidet vil ta eit par månadar. 

Han peikar ut og forklarer nokre av feila ved den originale bygginga. Feila er knytt til dreneringa, taknedlaup, rørinstallasjonar og manglande frostsikring. 

Aksnes råder på det sterkaste alle unge og gamle potensielle bustadkjøparar om å sjekke all dokumentasjon for at arbeidet på eigedommen er skikkeleg utført før dei signerer kontrakt.

Nærnett har vore i kontakt med Tømrer Service AS. Dei ønsker ikkje å kommentere saka. 

 

MÅTTE DELAST: Ei garasje måtte delast i to for at utbetringsarbeidet skulle kunna utførast.

 

Powered by Labrador CMS