USTABILT: Margrete Heltne Hovde har trua på at 2023 kan bli eit bra straum-år.

Auke i straumprisar – Det er problematisk for både meg og andre

Denne veka har det blitt ei stor auke i prisane på straum. Dette gjer at både studentar og folk flest blir meir opptekne av straumforbruket.

Publisert

VOLDA: Studenten Michelle Korsbrekke Jøsok (19) er ein av dei som synest det er uheldig at straumprisane er så høge. Dette har gjort at ho har blitt mykje meir medviten straumforbruket sitt.

STRØMSPARING: Michelle Korsbrekke Jøsok er fortvila over auken på straumprisane.

– Eg tenkjer mykje på straumsparing. Varmen på badet er så vidt på for å spare straum, så det er svært kaldt der. Eg passar også alltid på å vaske både klede og oppvask på ECO, slik at eg sparer straum der eg kan. Om det er kaldt ute, er det også kaldt inne, sidan eg ikkje kan ta meg råd til å skru opp straumen, seier Michelle.

Ho trekkjer fram at ho skulle ønske det var ei betre støtteordning for både studentar og andre med tanke på straum.

– Eg skulle ønske at vi fekk meir støtte, det er dumt å bruke opp alt av pengar eg har kvar månad, når eg i tillegg arbeider, seier ho fortvila.

Meir bevisst på straumforbruket

Margrete Heltne Hovde er seniorrådgivar for kraftmarknaden i Wattn. Ho peikar på at folk har blitt meir medvitne eige straumforbruk.

MEIR BEVISST: Margrete Heltne Hovde er ein av dei som har blitt meir bevisst på forbruket sitt

– Eg har blitt meir medviten forbruket sjølv, men ikkje heilt til det ekstreme. Eg følgjer jo litt med, men det trur eg alle gjer, seier Heltne Hovde.

Vidare kjem ho med tips til både studentar og andre som er opptekne av å ha eit så lavt straumforbruk som mogleg.

– Det viktigaste svaret er å overvake, ha god oversikt over forbruket sitt, i tillegg til å følgje med på prissvingingane og prisauken gjennom eit døgn og ein periode. Det er også viktig å velge den kraftavtalen som er best tilpassa ditt eige forbruk, seier ho.

Hovde legg også til at ein kan gjere andre grep for å spare på straumen, som for eksempel å ta kortare dusjar, senke temperaturen ei grad, og innstallere led-belysning.

Eit betre straum-år i vente

Margrete Heltne Hovde meinar at 2023 ser ut til å bli nærare normalen enn 2022 var.

– 2022 var eit ekstremt år av mange grunnar, både værfaktorar som tørke, låg magasinfylling, krigen i Ukraina, og stopp av gassflyt frå Russland. 2023 har ein mildare vinter i Europa, og det er betre fylt opp på både vass-magasin i Sør-Noreg og gasslager i Europa. Vi går altså inn i 2023 med ein mykje betre situasjon enn i fjor, så det er håp for at det blir meir normale straumprisar, seier ho.

Dette er noko Michelle Korsbrekke Jøsok synest er bra.

– Det gjer alt mykje lettare. Lettare å få kontroll over økonomien, og eg slepp å tenke på kor dyr straumrekninga blir, avsluttar ho.


Powered by Labrador CMS