JAKT PÅ BATTERI: Fjerdeklassingar over heile landet er klare for å jakte på batteri.

Batterijakten er igang

14. mars byrjar årets batterijakt. Dei neste tre vekene skal fjerdeklassingar over heile landet konkurrere om å samle inn flest mogleg batteri.

Publisert Sist oppdatert

BIGSET/HOVDEBYGDA: Det er barnas miljøvernorganisasjon, Miljøagentene, som kvart år sidan 2013 har arrangert klassekonkurransa Batterijakten. Fyrstepremien er 20.000 kronar.

Grønt Flagg-skule

Grønt Flagg

  • Grønt Flagg er ei miljøsertifiseringsordning for barnehagar og skular.
  • Ordninga er ein del av det internasjonale Eco-Schools-nettverket, som er drive av Foundation for Environmental Education
  • Formålet er å styrke berekraftig utvikling gjennom miljøundervisning
  • Nærare tusen skular og barnehagar over heile landet deltek

Kjelde: https://grontflagg.fee.no/arbeidet-vi-gjor

Blant skulane som deltek finn me Bigset skule i Hareid kommune. Dei har delteke i mange år allereie, og gjer det som ein del av arbeidet som Grønt Flagg-skule.

– Det er ein del av opplegget å engasjere seg i miljøpolitikk, så det passa veldig fint. Me har det som fast innslag på 4. trinn, for å gjere ungane bevisst på gjenvinning, fortel rektor, Vivian Johansen.

Viktig å sortere riktig

Ifølge dagleg leiar ved Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Petter Bjørdal, er det viktig å kvitte seg med dei brukte batteria på ein riktig måte.

– Det er tungmetall som kan vere veldig skadeleg for både menneske og dyr, så det bør absolutt ikkje ende i naturen på nokon måte. Det bør heller ikkje ende i restavfallet. Diverre både ser og høyrer me stadig vekk om batteri som har teke fyr og forårsaka ganske omfattande brannar, fortel Bjørdal.

Han oppfordrar alle til å kaste batteria sine i dunken for farleg avfall, og gjerne teipe polane fyrst.

Effektiv innsamling

Batterijakten melder på sine heimesider at dei i fjor inn meir enn 120 tonn hushaldingsbatteri til gjenvinning. Under innsamlinga i 2018 samla dei inn nesten 10% av alle batteria som vart samla inn i heile Noreg det året.

Ifølge Johansen engasjerer det elevane å vere med i slike konkurransar, og at det er fint å knytte inn i undervisninga.

– Mykje av opplegget er undervisning, og ikkje berre innsamling. Det handlar jo like mykje om å vere bevisst. Det er eit undervisningsopplegg knytta til det, som me bruker i naturfag eller i andre fag der ein føler det passar inn, fortel ho.

Batterijakten varer frå 14. mars til 3. april.

Powered by Labrador CMS