Ordførerkandidatar i Ulstein kommune: Hanne Notøy (Ap), Knut Erik Engh (Frp), Stian Skorgen Scheide (H).

Bli kjent med ordførerkandidatane: Ulstein

Me har snakka med nokre av ordførarkandidatane i Ulstein kommune. Her skal du få bli betre kjend med dei. 

Publisert

Namn: Stian Skorgen Scheide

Parti: Høgre

Stilling: Varaordførar i Ulstein kommune og sales manager i Kongsberg Maritime

Stian Skorgen Scheide (Høgre)

Kva meiner du er det beste med Ulstein?

- Det er samarbeidsånda og plasseringa. Me evnar å finne løysningar i både næringsliv og politikk.

Kva er hjartesaka di?

- Skule. Like lærevilkår for alle og eit berekraftig skulesystem.

Vil du slå saman Ulstein og Hareid kommune?

- Ja. For det er utfordringar med mindre kommunar. Me fer fleire oppgåver og det blir kamp om ressursane.

Kva meiner du om eigedomsskatt?

- Eg likar ikkje det.

Kva inspirerer deg?

- Engasjement inspirerer meg.

Kva irriterer deg?

- Omkampar.

Har du ein funfact om deg sjølv?

- Eg kan spela trekkspel!

Korleis vart du interessert i politikk?

- Eg var sjølv skulelei då eg gjekk på skulen. Eg var ingen praktelev, så skulepolitikk har alltid vore viktig for meg.

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

- Eg jobbar som sales manager i Kongsberg Maritime

Kva gjer du på fritida?

- Det går mykje i politikk og jobben som varaordførar. Men eg likar å dra ut på fjorden når eg har tid til det.

Kva bør ein oppleve i din kommune?

- Som sjømann må eg si Borgarøya.

Og til slutt. Kvifor vil du bli ordførar?

- Eg ynskjer å gjere morgondagen betre for innbyggjarane.

Namn: Hanne Notøy

Parti: Arbeiderpartiet

Stilling: Skipselektrikar, Ulstein Verft.

Hanne Notøy (Arbeiderpartiet)

Kva meiner du er det beste med Ulstein?

- Mangfaldet i alle menneska som bur her. Det setter eg utruleg stor pris på.

Kva er hjartesaka di?

- Å hindre utanforskap og auke inkludering. Alle skal med!

Vil du slå saman Ulstein og Hareid kommune?

- Me har tidlegare vore i diskusjon med Hareid om samanslåing, men då ville dei ikkje. Eg meiner ikkje me skal gje opp. Eg er open for å starte nye samtalar med Hareid om dette.

Kva meiner du om eigedomsskatt?

- Alle parti vil nok avvikle eigedomsskatten på sikt. Det er vårt mål og. Me skal trappe ned og til slutt fjerne den. Men me må finne ut kvar me skal hente inn dei pengane, så det ikkje går på bekostning av drifta.

Kva inspirerer deg?

Folk. Møte med menneske har alltid inspirert meg.

Kva irriterer deg?

- Urettferdighet og folk som lyg.

Har du ein funfact om deg sjølv?

- Då eg var 12 år dansa eg breakdans på taket av ein buss saman med tidlegare skiskyttar Erik Kvalfoss.

Korleis vart du interessert i politikk?

- Farfaren min var politisk aktiv. Då eg var ungdom fortalte han meg at han meinte eg burde engasjere meg. Eg starta med ungdomspolitikk og gjekk vidare som lærlingstillitsvalt og fagforeiningsleiar før eg blei med i Arbeiderpartiet.

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

- Eg jobbar som skipselektrikar på Ulstein Verft. I år har eg jobba der i 35 år. No er eg og lærlingansvarleg, så eg har ansvaret for den opplæringa.

Kva gjer du på fritida?

- Eg likar å dra ut på fjorden med båt. Då koplar eg av. Verden blir litt igjen på land. Eg er og totalt fotballidiot og Hødd-supportar.

Kva bør ein oppleve i din kommune?

- Me har mange fine festivalar. Atmosfæren i sentrum under festivalar er heilt unik. Me burde vidareutvikle det. Ulstein som turistmål har mykje å gå på.

Og til slutt. Kvifor vil du bli ordførar?

- Eg har vore 16 år i politikken i Ulstein og er ikkje ferdig. Eg vil bli ordførar fordi eg har eit brennande engasjement for næringslivet og for innbyggjarane. Eg ynskjer å kunne gjere ein forskjell for dei som føler seg utanfor i samfunnet.

Namn: Knut Erik Engh

Parti: Fremskrittspartiet

Stilling: Noverande ordførar i Ulstein

Knut Erik Engh (Fremskrittspartiet)

Kva meiner du er det beste med Ulstein?

- Det er mykje flinke og driftige folk i Ulstein kommune.

Kva er hjartesaka di?

- Å levere gode tenester til folk på mest mogleg effektiv måte.

Vil du slå saman Ulstein og Hareid kommune?

- Ja, på sikt. Eg trur det hadde blitt ein god kommune. Men ikkje akkurat no.

Kva meiner du om eigedomsskatt?

- Den er urettferdig og bør fjernast. Me vil trappe ned.

Kva inspirerer deg?

- Når me får til ting. Det gir ny giv å lykkast.

Kva irriterer deg?

- Når folk ikkje ser samanhengen i ting og konsekvensane av handlingane sine.

Har du ein funfact om deg sjølv?

- Den einaste gullmedaljen eg har er frå høgde i friidrett. Men den gongen eg vann var det berre tre deltakarar.

Korleis vart du interessert i politikk?

- Då eg gjekk på vidaregåande i Ørsta, hadde me besøk av dåverande stortingsrepresentant Lodve Solholm i Fremskrittspartiet. Han snakka om liberalisme, friheit og ansvar. Det appellerte til meg. Eg valde partiet mitt og har ikkje sett meg tilbake sidan.

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

- Det er veldig mykje møter. Både internt, med andre kommunar og med næringslivet.

Kva gjer du på fritida?

- Eg likar å gå i fjellet. Eller dra ut i båt eller kajakk.

Kva bør ein oppleve i din kommune?

- Å gå i dei fine fjella og sjå på det vakre lyset når sola går ned.

Og til slutt. Kvifor vil du fortsette som ordførar?

- Eg meiner det er ein meiningsfull jobb. Den er veldig sjeldan kjedeleg fordi det alltid skjer noko nytt.

Powered by Labrador CMS