Or, selje og hassel – vår på 1-2-3.

GRÅTT: Det er grått og kaldt i dag, men dette kan fort snu.

Dei sikre vårteikna

Vårteikn er ein måte å indikere at våren er på veg. Randi Holsvik fortelle kva teikn du burde sjå etter.

Publisert

Vårteikn

Der er ulike vårteikn ein kan sjå etter, blant anna:

  • Blomar: snøklokke, kvitveis, krokus og hestehov.
  • Tre: selje, or, hassel og bjørk.
  • Andre vårteikn: snø som smeltar, fuglekvitter, insekt og aktivitet i dyrelivet.

VOLDA: Snøen trekk seg sakt tilbake, kjente dyreartar kjem til syne att. Rundt om i naturen blomstrar det av ulike vårblomar, spor frå fjorårets haust smeltar fram. Fuglekvitret lyd rundt om oss. Alt dette tyder på ein ting: våren er på veg.

LEKTOR: Randi Holsvik underviser ved Volda vidergåande skule.

1. mars er den fyrste vårdagen, men kva er det vi eigentleg skal sjå etter for å forsikre oss om at finvêret er på veg? Vi har tatt ein prat med Randi Holsvik for å kartlegge kva vårteikn det vil vere å finne i tida framover. Holsvik er utdanna Marinbiolog og lektor med tilleggsutdanning. Til vanleg underviser ho ved Volda vidergåande skule.

Når er det vår?

Den første vår dagen er 1. mars, men meterologisk sett reknast våren som ei periode med ein gjennomsnittstemperaturen som er mellom 1-10 grader celsius. Dette kan variere rundt om i Noreg.



Kva skal vi sjå etter?

Det kan vere vanskeleg å vite kva som eigentleg er vårteikn og ikkje, men dette kan Holsvik svare på.

– Noko av det fyrste som kjem er hestehoven, det er ein gul liten blome. Den har vi ikkje sett nok til enda, fortel Holsvik. Vidare fortel ho at der er andre artar ein og kan sjå etter. Blant trea er or og hassel av dei fyrste artane som slepp pollen, så dersom du er allergisk kan du kanskje allereie kjenne det kleie litt i nesa.

VÅRTEIKN: Hasselen i Volda har allereie fått rakkler.

– Selja vaknar til live som regel i mars, og saman med ho vaknar humla frå dvale. Det er selja som har den veksten vi kjenner som gåseungar.

BLOMAR: snøklokkene er ein av mange vårblomar som vil vekse fram dei neste vekene.

Holsvik fortel og at der eit vårteikn, som allereie er godt i gang med å vekse fram, nemleg snøklokka.

– Snøklokka har allereie byrja å vekse, og etter ho kjem krokusen.

I følgje naturvernforbundet er andre artar som er kjent som vårteikn blant anna kvitveis, blåveis, snøklokke og trekkfuglar som vender attende frå sydlegare strøk. Dei fyrste trekkfuglane som vender tilbake er vipa og sanglerka.

Holsvik trekkjer og fram fuglar som eit vårteikn, og meiner at fuglevkitter og liv i naturen er eit sikkert vårteikn.

TREKKFUGLAR: snart kan vi høyre fuglekvitter.


Kvar kjem våren fyrst?

– Dersom vi skal tenkjer på Noreg, er det ut mot kysten våren fyrst kjem. Det er mildare her, enn inn i innlandet. Våren kjem også fyrst lengre ned mot hava, enn for eksempel opp i fjella. Om vi er i Sør- eller Nord-Noreg har også noko å seie, våren kjem tidlegast til sør, fortel Holsvik.

På Søre Sunnmøre er utviklinga godt i gang. Til trass for grått og trist vêr dei siste dagane, kan yr.no melde om sol allereie i morgon.

– Korleis trur du årets vår blir?

– Eg har ein teori om at når det har vore mykje dårleg vêr og ein grå vinter. Eg meiner vi har litt fine vær til gode, så eg har trua på at vi får ein fin vår med mykje sol og varme.

Powered by Labrador CMS