TØRRLAGT: Jarle Sørheim er no tørrlagt etter å ha vore alkoholikar i meir enn 40 år.

Den lause fuglen, og dei tre autoritetane

Jarle Sørheim har vore alkoholikar i meir enn 40 år. Etter kvart som fleire familiemedlemmar og vener døydde frå han, har presten, lensmannen og legen vorte blant dei viktigaste menneska i livet.

Publisert Sist oppdatert

Tørrlagt og røyklagt sit Jarle Sørheim i stova med ein sigar i handa.

– Eg fekk dei av presten, seier han.

Den djupe grovmælte stemma ber godt i rommet. På kav ørsting byrjar den tidlegare alkoholikaren å tale om alt frå glansdagar i ungdomen, til elende i livet. Han fortel at han har vondt i kroppen, og at han kjenner mykje på både sorg, sakn, og einsemd. Samstundes finst der og nokre lyspunkt. Jarle liker både sola, god mat, softis, kaffi, røyk, og Flax-lodd.

I ungdomen vant han 80 000 i tipping, men gleda vart kortvarig då kameraten skaut seg. Ikkje lenge etter hendte det og at bestevenen køyrde seg ihel. Ogso i militæret mista han ein god ven, det var i drukning. Mange av kameratane hans er daude – ein døydde i fjor.

HJELPEMIDDEL: Ein rullator kan vere godt å ha.

– Alle er daude. Onklar, tanter, og foreldre. Eg har to brør som lever. Halvbror min er snart 80 år, og har vore kretsmeister i turn. Ein er 62 år. Eg har litt kontakt med halvbror min i Oslo. Foreldra mine ligg på kyrkjegarden.

Jarle Sørheim

Sjølv er han 67 år, og kjenner seg gamal. Mannen let peikefingeren gli mot den flunkande nye rullatoren for å illustrere poenget.

GAMLE MINNE: Stolen er frå bestefar hans, og bamsen er frå hans eigen barndom.

Fattig trøyst

På ein benk ved Kiwi-butikken i Ørsta har han funne sin plass. Mannen sit der sopass ofte at han mest er å rekne som ein del av bybiletet, blir det sagt. Den tidlegare alkoholikaren speidar jamt etter nokon å prate med. Han saknar det sosiale livet. Før trefte han folk på fest. Alkoholen var ein gong inngangen til dei gode samtalane. Det var slik det byrja.

Skuleflink, sprek, og sosial – det var kjenneteikna.

Jarle var ein likande gut. Alle vona han hadde ei lys framtid. Likevel gjekk det gale.

Han byrja feste litt i ungdomstida, men det var ikkje av det utagerande slaget. Vitnemålet frå vidaregåande vart godt, og det opna seg mange høve. Jarle prøvde litt forskjellig. Han var i militæret, på interrail, reiste jorda rundt, køyrde postbil, og byrja og slutta på litt ulike studiar før livet plutseleg fekk ei dramatisk vending.

Bestevenen køyrde seg ihel.

– Det var mi fyrste gravferd, seier Jarle.

Det var dette tapet som fekk han på køyret. Kjensla av rus vart ei fattig trøyst. Det var ikkje lett å drikke seg sorglaus, men det var lett å verte avhengig.

Einsemda freista Jarle til å bli ven med flaska. Seinare stal flaska alle dei andre venane.

IKKJE ALEINE: Jarle er framleis ein sosial kar som er open om både godt og vondt. Einsemda følgjer han som en skugge, men han er ikkje aleine i livet.

Sosial omgang

Det er støtt folk som kjem inn dørene, som tek telefonar, og som rett sagt bryr seg om Jarle. Den tidlegare alkoholikaren er glad for den sosiale kontakten han får, og tykkjer det er særs synd at fastlegen hans skal gå av med pensjon i april.

– Han har vore fastlegen min i ti år, seier Jarle før han byrjar leggje ut om kor gode karakterar den vørdande pensjonisten hadde då han gjekk ut frå vidaregåande.

Ogso ein tidlegare lensmann har han dagleg kontakt med.

RIKSKJENDIS: Ein gamal avisartikkel har fått glas og rame."DØMT til fjelltur med politiet" var overskrifta i VG etter at Jarle slapp bot for urinering. – Me ynskte å motivere Jarle, gje han noko å strekke seg etter, uttalte politibetjent Guttorm Hagen den gongen.

– Om eg reiser vekk, er han hissig på når eg kjem heimatt, seier Jostein Vatne.

Den tidlegare lensmannen byrja i politiet i Ørsta i – 79, og har kjend Jarle i vel 40 år. I starten av politikarriera var han nøydd å bøtlegge mannen for ei misferd mot politiet. Då det var vanskeleg for Jarle å betale for seg, vart det einigheit i konfliktrådet om at han skulle få sleppe bota dersom han var med til fjellet Saudehornet.

– Eg vart dømt til fjelltur, og tente 10 000 kroner, seier Jarle som framleis er nøgd med løysinga som ikkje minst medførte gode opplevingar og relasjonar for livet.

Ein annan tidlegare lensmann og politibetjent som var med på turen, var Guttorm Hagen. Han beskriv Jarle som ein skikkeleg fargeklatt, og seier han brukar å ha venlege samtalar med mannen når han møter han ved Kiwi- butikken.

– Han var jo glad i rampelyset, so han kontakta sjølv media, seier Hagen om mannen som plutseleg hamna i VG og vart rikskjendis over natta.

PRESTESIGARAR: Prestesigarar er sigarar som opnar for den gode samtalen.

Salige sneipar

Jarle seier han gjerne vil tru, men at han ikkje riktig har funne trua.

– Eg går av og til på møte med Hans Reite. Han var dritings før han møtte Jesus. Eg har ikkje møtt nokon Jesus, seier han.

Predikant Reite bekreftar at han drakk i ungdomen, og seier at han nok var meir vilter enn Jarle var den gongen. Vidare fortel han at den tidlegare alkoholikaren har vore med på fleire bibelmøte oppgjennom tida, både med og utan flaske i handa.

– Me prøver å ha litt høgde under taket, seier han.

HELSING PÅ FØDSELSDAGEN: Her har presten Matias Austrheim vore med helsing til Jarle på 65-årsdagen. – Jarle sit ved vegkanten og ser på livet. Han er nådelaust ærleg, men utan nåde og kjærleik blir verda so kald, seier presten før han legg til at han er takksam for gode sigarstundar ilag med Jarle.

Presten Matias Austrheim har òg ein del kontakt med Jarle. Han seier han har fylgt mannen i fleire fasar gjennom livet, og at han set stor pris på å få vere presten hans. Vidare kan han bekrefte at det er han som kjøper sigarane.

– Det byrja med at han fekk sigarar til jul ein gong, seinare vart det jamt spørsmål om sigarar, ler presten.

Han seier sigarane har vorte signaturen som synleggjer kontakta, og beskriv den vesle gåva som ei innleiing til noko meir.

– Han ringjer for å spørje om sigarar. Då er han rett på sak, men han vil gjerne ha det som følgjer med og – og det er den gode samtalen.

Det verste

At alkoholen byrja styre livet til Jarle, vart raskt synleg i det vesle bygdesamfunnet. Då han som ung vaksen vart nekta å kjøpe øl, gjekk det frå vondt til verre. Avhengigheita var so sterk at han berre måtte ruse seg. Desperat som han var, byrja han drikke hårvatn – eit skjønnheitsprodukt som inneheld løysemiddelet Keratin. Kompisen døydde av løysemiddelskadane, men Jarle overlevde.

– Eg vart sendt på psykiatrisk. Det var der eg byrja røyke.

Jarle Sørheim

Mannen verkar ikkje arg, heller tvert om. Han er takksam for alle som har brydd seg, og skuldar ikkje på nokon for korleis livet har vorte. Er det noko han klager på, so er det dauden – den som stal kameratane – og mor hans.

– At mor mi døydde er det verste som har hendt meg, seier Jarle.

Det beste derimot – det trur han må ha vore kjærasten han hadde i ungdomstida. Ho har han ikkje lenger kontakt med. Likevel har han eit gamalt bilete ståande på stovebordet.

GAMLE DAGAR: Det er godt å mimre litt, tykkjer Jarle.

Gode minne

Frå vindauget i den kommunale bustaden har Jarle utsyn mot Helgehornet, der han var på ski i lag med onkelen sin i barndomen. Tida for slike turar er for lengst over, men minna – dei lever.

– Eg var mykje på turar i ungdommen. Eg dreiv både med slalåm og langrenn, og har køyrt ned frå Saudehornet ein gong og, seier Jarle som meiner å hugse han har vore tretti gongar på det bratte fjellet.

Den tidlegare alkoholikaren kan fortelje om mykje trong til utforsking i ungdommen. Nokre pøbelstrekar har det og vore – særleg i militæret. Det var populært å skrive ut falske permisjons-setlar, so det gjorde dei.

– Ein gong var eg so drita full at eg vart tatt av militærpolitiet, seier Jarle med eit stort glis om munnen.

Mannen talar støtt om «gamle dagar». Han fortel mellom anna om ølbrygging, heimebrent, russetida i 74, og oppveksten på Vallabøen med blokkfløytespeling og bygging av hytter. Han fortel om hunden, bilane og bussane han ein gong hadde – og om turar, både til Countryfestivalen i Sjåk, og i den vide verda. Han har mellom anna vore i Øst-Berlin, London, Paris, Madrid, Venezia, Zurich og ein stad i Marokko.

Jarle kan fortelje at han røykte rødmix, lytta til Beatles og Bonnie Tyler, og at han støtt drog på dans med ei brennevinsflaske på innerlomma. Mannen melder vidare at han har vore på plate i lag med det lokale Ørsta-bandet Sidebrok, so ei lita musikarkarriere har der og vore. I tillegg nemner han dei gamle arbeidsplassane sine – både den han hadde på teknisk etat, og på møbelfabrikken. Jarle har positive minner frå arbeidslivet. Kor som er, pensjonisttilvere er ikkje so verst det heller. Det vanskelegaste er kanskje det å finne sosiale møtepunkt.

KONTAKTSØKANDE: Jarle er ein sosial kar, som set stor pris på dei gode samtalane.

Meiningsfulle møte

Dei mellommenneskelege møta har bestandig vore viktige for den sosiale karen. Der er som det ligg eit nostalgisk slør over tida som har vore, men Jarle ser likevel framover. No drøymer han om eit restaurantbesøk. Elles går dagane stort sett med til å lese aviser på dagsenteret, og til å tenne lys, sigarar, og sigarettar.

– Eg likar ikkje mørketida, seier Jarle som gler seg aller mest til sola snur i desember.

Mørkret er tungt, men kjensla av å vere aleine er enda tyngre.

Einsemd er ei kjend kjensle for Jarle. Den førte han førte han både inn i, og ut av alkoholismen. Svirebrørne hans lever ikkje lenger – det var difor han slutta å drikke.

– Å drikke aleine er så einsamt.

Jarle Sørheim

No har han ikkje drukke på eitt år, men på julaftan skal han unne seg ei øl. Han håper han slepp å drikke den aleine.

LYS: Jarle tykkjer det er viktig å lyse opp mørkret. Her ifrå lystenning på verandaen.
Powered by Labrador CMS