Kommentar:

Derfor publiserer Nærnett denne saka

I saka om Demokratene er det ytringar vi veit mange synest går over grensa for kva som er greit i ein offentleg debatt.

Publisert Sist oppdatert

Det kjem også fram påstandar og meiningar som stigmatiserer folk, og vil verke sårande.

Dette tek vi ikkje lett på.

Vi har også valt å utelate sitat frå intervjuet som vi meiner ville vore klare brot på presseetikken. Ytringar som ikkje høyrer heime i ein konstruktiv offentleg debatt.

Så kvifor vel vi likevel å publisere sitat vi veit kan såre og stigmatisere?

Det er fordi vi intervjuar ein person som stiller til val på ei stortingsliste. Det er pressa si rolle i eit demokrati å få fram vesentleg informasjon, slik at veljarane kan vite kven dei stemmer på.

Det vil derfor vere feil å dysse ned, eller sminke på sanninga i denne saka.

På den måten kunne vi ha ført veljarane bak lyset, og det er ingen tente med.

Powered by Labrador CMS