![BLÅ BØLGE: I neste kommunestyreperiode skal ti representantar frå Framstegspartiet møte i kommunestyret her.](https://image.nernett.no/168499.webp?imageId=168499&width=960&height=548&format=jpg)
Desse skal styre i Ørsta kommune
Framstegspartiet auka mest og har ti representantar i det nye kommunestyret i Ørsta. Ordførarmakta er det likevel Per Arne Sørheim og Høgre som vinn, medan Tove Hasle Digernes frå Senterpartiet blir varaordførar.
Høgre og Senterpartiet blir støtta av Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti i fleirtalskoalisjonen. Til saman har dei 20 av 33 mandat i kommunestyret.
Det er valt inn tolv kvinner blant dei 33 kommunestyrerepresentantane. Dette tilsvarer ein kvinneandel på 37 prosent i kommunestyret.
Desse skal sitte i det nye kommunestyret i Ørsta for perioden 2023 - 2027:
Framstegspartiet:
![STOR FRAMGANG: Framstegspartiet, og ordførarkandidat Tore Thon, auka oppsluttninga si i Ørsta kommune, med 14,3 prosentpoeng måndag. 28,9% av stemmene gir til saman 10 representantar i det nye kommunestyret.](https://image.nernett.no/168506.webp?imageId=168506&x=0.00&y=5.15&cropw=100.00&croph=57.35&width=960&height=548&format=jpg)
- Tore Thon
- Hans Olav Myklebust
- Odd Magne Viljevoll
- Asgeir Standal
- Johan Bertel Vartdal
- Inge Kolås
- Cindy Helen Hoddevik
- Kari Janne Myklebust
- Hogne Sveinung Barstad
- Eilis-Mari Grinde
Høgre:
- Per Arne Sørheim
- Jahn Christer N. Humberset
- Guttorm Hagen
- Rune Hovde
- Anne Sølvi Vatne
- Inger Merete Sandvik Sundnes
Senterpartiet:
- Tove Halse Digernes
- Per Ivar Lied
- Yngve Frøland
- John Helge Bjørndal
- Anne Stine Foldal Aam
- Odd Bjarne Bjørdal
Arbeidarpartiet:
![Karen Høydal og Ørsta Arbeidarparti gjekk fram 3,4 prosentpoeng i årets kommuneval.](https://image.nernett.no/168508.webp?imageId=168508&x=0.00&y=2.70&cropw=100.00&croph=37.97&width=960&height=548&format=jpg)
- Karen Gudveig Høydal
- Alexander Riise Olsen
- Siri Dahl Masdal
- Frode Emil Vartdal
- Børge Even Gundersen
Sosialistisk Venstreparti:
- Marit Aklestad
- Magnar Hjertenæs
- Synnøve Marie Sætre
Kristeleg Folkeparti:
- Hjørdis Almelid Vikenes
- Roger Vartdal
Venstre:
- Are Folkestad