Dei sju kommune på Søre Sunnmøre.

Dette er folketalsveksten på Søre Sunnmøre

Volda slår Ørsta med 135 personar i folketal, det viser nye tal frå SSB. Hareid fekk størst auke med 163 personar i 2023. Nærnett skriver dei viktigaste punkta frå befolkningstatistikken blant dei sju kommune. 

Publisert Sist oppdatert

Ørsta

Folketalet i Ørsta har auka med 29 personer. Det som gir folketalsveksten, er auka nettoinnflytting, og då frå utlandet. Det er i hovudsak flyktningar.

Det var eit fødselunderskot i Ørsta. (Det vil seie at det vert fødde færre enn det er folk som døyr)

Folketal per 1.januar 2024: 10 958 (+29)

Volda

Folketalet i Volda har auka med 133 personar. 

– Spesialrådgjevar i kommunen, Nina Kvalen, meiner at det har ein samanheng med Voldakortet, flyktningar og fødseloverskotet.

Kommunen hadde fødseloverskot på 20 personar. (Det vil seie at det verte fødde fleire enn det er folk som døyr)

Folketal per 1.januar 2024: 11.093 (+133)

Sande

Folketalet i Sande har sunket med 4 personar. 

 – Ordførar, Dag Vaagen, seier at dette ikkje er noko nytt.
Han legger til at kommunen arbeidar med tiltak for å betre situasjonen.

Kommunen hadde fødselunderskot på 3 personar.

Folketal per 1. januar 2024: 2.438 (-4)

Vanylven

Folketalet i Vanylven har auka med 13 personar.

– Ordførar, Paul Sindre Vedeld, seier at det er flyktningar frå Ukraina som påvirker auka. Dei siste åra har folkeveksten sunket i Vanylven.  

Kommunen hadde fødselunderskot på 22 personar

Folketal per 1. januar 2024: 3.026 (+13)

Ulstein

Folketalet i Ulstein har auka med 64 personar

– Ordførar, Stian Skorgen Scheide er glad for folkeauken og at det går i rett retning.

Kommunen hadde fødseloverskot på 20 personar

Folketal per 1. januar 2024: 8.861 (+64)

Hareid

Folketalet i Hareid har auka med 163 personar

Kommunen hadde fødseloverskot på 8 personar

Folketal per 1. januar 2024: 5.322 (+163)

Herøy

Folketalet i Herøy har auka med 126 personar.

Kommunen hadde fødseloverskot på 10 personar.

Folketal per 1. januar 2024: 8.968 (+126)

Powered by Labrador CMS