Til tross for stor nedgang stiller Høgskulen i Volda seg positiv.

 – Du blir møtt med fordommar

Dei siste fem åra har talet på søkarar til grunnskulelærarutdanninga i Volda blitt meir enn halvert. Talet på førstevalsøkarar til utdanninga var 166 i 2018. I 2023 var talet 75. 

Publisert Sist oppdatert
Noah Aarseth gleder seg til å bli lærar.

VOLDA:  –  Eg har møtt mange som er skeptisk til at eg skal bli lærar. Du blir møtt med fordommar. Eg får ofte høyre at eg er modig som vel å studere dette.

Noah Grasdal Aarseth er på sitt første år i grunnskuleutdanninga ved Høgskulen i Volda. Han visste at læraryrket var det rette valet. Han stiller seg positiv med den varierte kvardagen som lærarstudent.

Aarseth seier at han vil kjempe imot den negative omtalen som utdanninga har. Han seier sjølv at statusen for å bli lærar er svekka.

Nasjonalt har antall søkere til lærerutdanningene gått ned med 35 prosent dei siste 3 åra. 

Regjeringa foreslo 12. februar tiltak for å betre lærarutdanninga. Strategien er utarbeida i samarbeid med elleve organisasjonar i barnehage- og Skole-Norge. 

– Målet for strategien er å snu den negative trenden, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding. 

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er positiv for ei forandring.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Odd Helge Mjellem Tonheim, er glad for at regjeringa vel å ta tak i dette.

– Det er utfordrande for skulen utan tvil. Vi har sett tendensen til utviklinga tidlegare

Han fortel at høgskulen arbeider med ein strategi for etterutdanning og marknadsføring av studiet. 

Regjeringa vil blant anna:

Utvikle praksis i lærerutdanningane

Bygge attraktive og tilgjengelege lærerutdanningar over heile landet

Gi lærarane ein god start på yrkeslivet

Gi gode moglegheite for kompetanse og karriereutvikling

–  Det er viktig at vi jobbar aktivt med å kvalitetssikre og forbetre lærarutdanninga, seier Tonheim til Nærnett.

Studiedirektør ved Høgskulen i Volda, Gerd-Mette Vatne Drabløs, fortel om kor viktig utdanninga er for framtida.

–  Vi er positiv innstilt til den nasjonale strategiplanen. Det er stor forskjell på det studentane lærer teoretisk og i praksis. Det er viktig at praksisen blant lærarane blir prioritert.  

Drabløs likar ikkje så godt korleis læraryrket ofte blir framstilt i media

–  Det som står i media påvirker valet til søkarane. Saker i media blir gjerne framstilt negativt, seier Drabløs, som håper at dette vil snu.  

   

Gerd-Mette Vatne Drabløs er optimist for dei nye tiltaka til regjeringa.

 

Powered by Labrador CMS