NØGD: Leiar i Larsnes IL, Bård Dalen, er nøgd med at det endeleg kjem fotballhall til Sande.

– Endeleg fotballhall i Sande

Larsnes IL er eitt steg nærare å realisere fotballhall. 

Publisert Sist oppdatert

SANDE: På kommunestyremøte i Sande tysdag 13. februar vart det vedteke at kommunen stiller som kausjonist i prosjektet. Det vil seie at kommunen tek på seg eit garantiansvar for lånet idrettslaget tek opp for realisere fotballhallen. 

Idrettshallen blir 60 gonger førti meter og kjem opp ved Larsnes stadion. Budsjettet er på 11,5 millionar, inklusiv moms. 

No som pengane er på plass, er det berre ein spelemiddelsøknad som gjenstår før ein kan starte byggeprosessen. Sande kommune er einaste kommunen i fylket som ikkje har idrettshall. Leiar i idrettslaget, Bård Dalen, er glad for at hallen endeleg blir til.

– Det å få på plass ein hall i Sande kommune er viktig. Det gir meir kapasitet, og fotball blir ein heilårsidrett. Den blir også viktig for å skape aktivitet som alle kan får nytte av.

Hadde ikkje vore mogleg utan dugnad

Prosjektet om å få til idrettshall starta for mange år sidan, men i tre år no har det blitt jobba konkret for å få det til. Dalen seier at sjølv om det ikkje bur så mange folk der så er det framleis viktig. 

– Vi er eit idrettslag som styrer med mykje og ikkje berre fotball. Målet med hallen er at den skal bli brukt av både unge og vaksne, til å skape eit miljø. Ein slik hall blir ein heilt ny arena som kan bli brukt til mykje og skape eit samlingspunkt.

PUSSER OPP: Fotballhallen kjem opp ved same stad som stadionanlegget til Larsnes

Og det er takka vere dugnadskraft at hallen blir til. Kommunen stiller som kausjonist, men pengane er komne av frivillig jobb. 

– Det er ei fantastisk dugnadsånd i denne bygda. Vi driv ulike aktivitetar og gjer mykje for å byggje opp eigenkapital. Dette hadde aldri vore mogleg utan dugnad, slår Dalen fast.

– Viktig å hjelpe idrettslaget

Unny Iren Haugen frå Arbeiderpartiet rosa idrettslaget under kommunestyret i Sande tysdag. 

– Eg er imponert over Larsnes IL, som saman med lokale bedrifter har fått til den økonomiske biten. Det er viktig at kommunen hjelper til vidare slik at prosjektet kjem på plass, seier Haugen.

Håp om byggestart neste år

Med finansieringa av hallen på plass, er det berre spørsmål om tid når ein kan starte bygginga. Det er berre spelemiddelgodkjenning og nokre få formalitetar som må på plass før den tid. Bård Dalen er opimistisk og har tru på byggestart allereie neste år.

– Det er eit håp, men eg trur det er mogleg å få til. Viss det går så er alle veldig godt fornøgde. Larsnes er ikkje verdas største navle, men det er eit stort løft for eit lite idrettslag.

Powered by Labrador CMS