KREATIV LÆRINGSARENA: På Skaparhuset verte det arrangert "TechJam" for ungdommar frå 13 år og oppover. Her var eit yrande liv og mykje læring då gjengen konkurrerte om å programmere den beste roboten.

Fagleg leik

Når Skaparhuset inviterer til «TechJam» i haustferien, får ungdommen utfalde seg kreativt med alt ifrå penn og papir, til programmering av elektronikk, drone, robotar og sensoriske verkty.

Publisert

ULSTEINVIK: Dei har ikkje hatt meir enn eit krasj-kurs i programmering, men dei har «knekt kodinga». Ungdommane som deltek på TechJam har bokstaveleg tala fått ballen til å rulle.

– Go-go, skubb han vekk-skubb han vekk! We need speed, chill! Skru ned farta-skru ned farta. Oh thats cheating bro. Yes- yes, speed! høyrer me ein av ungdommane rope før den første rullande roboten passerer målstreken.

So blir det klapp og rungande jubel.

Fremjer tenkologifag

BRED KOMPETANSE: Skaparguide og arrangementsansvarleg Tobias Hatløy har mellom anna jobba som elektronikk-ingeniør, lærar, tømrar, folkehøgskulelærar og sørvis-ingeniør. I tillegg har han erfaring med arbeid innan tilkomstteknikk.

– Skaparhuset er meint å vere ein arena for næringslivet der ein kan møtes på tvers av kompetanseområde, seier skaparguide og altmoglegmann Tobias Hatløy.

Eit stort mangfald av bedrifter og skular i området finansierer Skaparhuset. Hatløy kan forsikre om at alle som støttar opp om satsinga, også får lov til å bruke dei felles ressursane som finst på bygget – og dei er ikkje få. Her er verkstader og verkty til det meste. 3d-printar, programmeringsverkty, laserbrennar og snikkarverkstad er berre ein brøkdel av alt utstyret ein kal boltre seg med.

Gjennom å nytte moglegheitene på innovasjonsarenaen Skaparhuset til å aktivere ungdommar i haustferien, ynskjer Hatløy å leggje til rette for at nye generasjonar skal utvikle interesse for teknologifag.

HINDRINGAR: Her er ungdommane i gang med å bygge hinderløype til roboten sin.

I sommar var det dei under 13 år som var i fokus. No er det tenåringane som får utfalde seg kreativt innan den matematiske og virtuelle verda. Under opplegget i haustferien får dei mellom anna lære korleis dei kan instruere robotar til å bevege seg gjennom ei hinderløype.

– Målet er at ungdommane skal få bruke utstyret på huset til å utfalde seg kreativt, seier Hatløy.

Som hovudsansvarleg for arrangementet, er han påpasseleg med å rose sponsorbidraga som kjem frå ei rekkje bedrifter i området.

– Utan det lokale næringslivet i ryggen hadde ikkje dette vore mogleg.

KONSENTRERT: Her er to av gutane i full gang på verkstaden.

Viktig kunnskap

Melisa Syuleyman og Mina P. Kleppe har teknologi og forskningslære som valfag på vidaregåande, og jobbar som skaparhjelp på Skaparhuset utanom skulen. Dei er samde om at dei tykkjer det er kjekt å lære vekk det dei kan til dei som er yngre.

KJEKT: Melisa Syuleyman og Mina P. Kleppe tykkjer det er kjekt både å lære, og å lære vekk om ny teknologi.

– Det er meir motiverande for dei og, trur jentene.

Dei veit ikkje heilt kva dei vil gjere vidare, men trur dei får bruk for kompetansen sin same kva retning dei kjem til å velje.

– Teknologi er viktig uansett, seier Syuleyman medan Kleppe nikkar samtykkjande.

Powered by Labrador CMS