Tapte teiner fører til alvorleg skade: – Hummeren døyr i teinene

Fiskeridirektoratets nye regel kan bli eit hjelpemiddel for dei som ønskjer å rydde sjøen og returnere dei mista teinene.

Publisert

I fjor gjekk omlag 5500 teiner tapt, noko som fører til alvorlege konsekvensar for både sjøliv og miljø.

– Teinene fangar sjødyr utan at nokon røkter dei. Det vil jo seie at fangsten døyr i teinene og ikkje blir utnytta på nokon god måte, seier Olav Lekve frå Fiskeridirektoratet.

Han legg også til at teinene er laga av plast, noko som betyr at dei tapte teinene vil forsøple havet.

Krav om tydligare merking

Fritidsfiskarar har tidlegare funne tapte teiner som ikkje har vore merka. Då veit ein ikkje kven ein skal varsle eller kva ein skal gjere med teina. Derfor har Fiskeridirektoratet i 2022 kome med ein ny regel som skal løyse dette. Sida hummersesongen starta 1. oktober blei ikkje den nye regelen iverksatt i praksis før då.

– Før har de berre vore ei krav om at blåsene skal merkast, men no skal sjølve reiskapen, altså teinene, også merkast. Det skal stå både navn, adresse og telefonnummer på både teinene og blåsa, fortel Lekve.

Har funne fleire tapte teiner

Håvard Aasen frå Ørsta er fritidsfiskar og kjenner godt til problematikken. Han er nøye på å bruke skikkeleg reiskap og følgje regelverket. Dette er ekstra viktig sida hummerbestanden i Noreg blir mindre og mindre.

– Hummerfiske har eg drive med så lenge eg kan hugse. Sjøen for meg er ein fristad, fortel han.

Aasen har tidlegare funne fleire mista teiner som han har dratt opp av sjøen, men på grunn av dårleg merking har han ikkje kunne returnert dei eller varsla om at han har funne dei.

– I fjor fann eg ni teiner som ikkje var merka. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere med dei så eg satt dei berre på kaia. Om dei hadde vore merka kunne eg ha ringt eigarane og fortalt at eg hadde funne dei, seier han.

Dette er Aasen positiv til.

– Teinene merka eg godt før sesongen starta og det er veldig greit, seier han.

Powered by Labrador CMS