GLER SEG: Elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik gler seg til å kunne reise utanlands. (F.v.: Benjamin Riska, Ketil Thorvaldsen og Hedda Thorstensen)

Gjenåpning fører til søknadsauke ved folkehøgskulane

Sjølv om folkehøgskule aldri har vore like populært som dei siste åra, har søkartala i Møre og Romsdal gått ned sidan pandemien starta. No ser det ut som at søknadstala er på veg opp att.

Publisert Sist oppdatert
TILFREDS REKTOR:

ULSTEINVIK/ØRSTA: På Søre Sunnmøre finns det to folkehøgskular. Felles for desse, er at begge har utanlandsturar som delar av opplegget sitt. Rektor ved Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik, Arnt Ole Grimstad, trur at dette, i samband med koronapandemien, har hatt innverknad på søknadstala.

– Ein del ungdom forstod vel at det var lite aktuelt å reise, og ville ikkje ta sjansen på det, fortel Grimstad.

Men trass i dette, kan Grimstad fortelje at årets kull er rekordstort.

– Vi har aldri i historia hatt så mange elevar som i år. Så sjølv om søkartala gjekk ned, så har ja-svarprosenten vore veldig bra. No ligg vi seks søkarar bak det vi gjorde i år på same tid. Altså ligg vi ganske jamt, og det er ti fleire som har takka ja til plass enn det var på same tid i fjor.

Vellukka år

SJØSNØSURF:

Guro Kleiv (19) frå Vinje i Telemark er éin av dei 122 ungdommane som har valt seg eit år på folkehøgskule på Sunnmøre. Ho går SjøSnøSurf-linja, og kan fortelje om eit svært vellukka år så langt.

– Året har vore like bra sjølv om det har vore korona. Vi har kunne levd ganske som normalt, eigentleg, fortel Kleiv.

Dei haldt seg greitt unna smitte heile året, heilt utpå nyåret. Da kom det eit svært smitteutbrot, og nesten alle på skulen blei smitta.

– Da var det eit par veker med isolasjon på alle, og så var me ferdige med det. Dei fleste er nøgde med at me er ferdige med det, slik at me får reist på tur, fortel ho.

No gjer ho og klassekameratane på SjøSnøSurf seg klare for å reise på interrail om nokre veker.

– Gjenåpning har vore veldig bra for oss

Dei fleste turane ved skulen blir gjennomført som normalt dette skuleåret. Sunnmøre Folkehøgskule har allereie hatt fleire turar til det store utland, mellom anna hadde dei ei klasse i Sør-Afrika da omikronvarianten av koronaviruset braut ut der.

– Me måtte stå på for å få dei heim til jul. Men det gjekk bra, og dei hadde ein fantastisk tur, forel rektor Grimstad.

Elles har dei måtte avvente ein tur til Tanzania.

– Ikkje naudsynt for vår sin del, men heller fordi vi ikkje vil dra med oss noko virus ned dit, til eit område med folk som ikkje er vaksinerte og som kanskje kan bli skadelidande av det, fortel Grimstad.

Folkehøgskulane

  • Folkehøgskulen er ein eksamens- og karakterfri skule
  • Elevane bur på internat på skulen
  • Folkehøgskulen byggjer på ein pedagogisk filosofi om at læring ikkje fyrst og fremst skal bestå av pugging og terping av teoriar.

(Kjelde: folkehogskole.no)

Mindre smitte, like god søking

Møre Folkehøgskule i Ørsta har ikkje hatt like mykje smitte som Ulsteinvik, men inspektør Martin Staxrud ser ikkje bort frå at det kan kome til å skje.

– Vi har hatt ganske lite smitte på skulen så langt. Av 112 elevar, var det færre enn ti elevar som hadde hatt det før vinterferien. Men no som vinterferien er over, byrjar me å sjå eit par positive testar allereie, seier Staxrud.

Likevel har dei måtta endre på reiseplanar, men dette var grunna strenge restriksjonar i andre land.

– I staden for å reise til Bali, som hadde restriksjonar med tanke på innreise, så reiste me til Lanzarote, fortel han.

Folkehøgskulen er full i år, og ligg an til å fyllast opp att til hausten òg.

Powered by Labrador CMS