UTAN SKO: Då Sigri Sandberg kom til Aasentunet var det i sommarkjole og strikka sokker, utan sko.

Ei ferd gjennom storslått natur – og gjennom livet

—Å finne ro i sjela er eit uttrykk, men å ro i sjela er ein annan ting. Sigri Sandberg snakkar om ro i to betydningar.

Publisert Sist oppdatert

Sognefjorden

Sognefjorden ligg i gamle Sogn og Fjordane og strekk seg frå Ytre Sula til Skjolden. Den er verdas lengste farbare fjord på 205 kilometer. Ein fjord på Grønland er lengre, men på grunn av is er den ikkje farbar.

HOVDEBYGDA: I føredraget blir vi med på ein rotur gjennom Sognefjorden. Det handlar om naturen, folka og kjenslene som kjem undervegs. Om å finne ro i å ro.

— Eg bruker turen som ei rammeforteljing for å formidle dei utfordringane fjorden og vi menneske står ovanfor, seier Sandberg.

Sigri Sandberg er forfattar, journalist og forteljer. Ho har gjeve ut 18 bøker, den seinaste «RO – om Sognefjorden og ein lang tur heim» kom ut på Samlaget i fjor. Det er denne boka ho heldt føredrag om på Aasentunet torsdag kveld.

Engasjert publikum

Sandberg står åleine på scena, fortel og viser bilete frå turen og boka. Ho er kledd i blomstrete sommarkjole og strikka sokkar, utan sko. Det kjem båe latter og hjartesukk frå salen på Aasentunet.

Publikum er med båe under og etter føredraget. Det opnast for spørsmål, og det er ein moglegheit sunnmøringane ikkje lar passere.

  — Skal du ro meir, Sigri? spør ein kar frå salen.

  — Ja, Ola. Eg skal ro masse, svarar Sandberg med eit stort smil.  

SIGNERING: På signeringsstanden etter føredraget sto mange klare med ei bok i handa.

Ikkje berre ein båt

— Kvifor brukte du ein Oselvar i Sogn? spør ein annan frå salen.

Det er snakk om typen trebåt. Det blir tydeleg at ein båt er ikkje berre ein båt: Det ligg mykje historie bak kor og korleis båten blei bygd, og kva dei blir brukt til. Ei historie som vekker interesse i salen.

Ein Sognefæring ville vore optimalt for ein tur på Sognefjorden. Sandberg forklarar at det er knytt minner og kjærleik til Oselvaren, han er mor hennar sin gamle. Dessutan var ho fornøgd med båten, den passa bra for forhalda på turen - sjølv om ho var i Sogn og ikkje på Os. 

Er fjorden frisk?

Det er eit av spørsmåla Sandberg tar opp. På den andre etappen farte Sandberg og venninna forbi ein fiskar med makrell på kroken. Det var ein god augneblink, det er nemleg ikkje vanleg med napp i denne fjorden. Her er det lite fisk, lite liv. 

Det er ingen som veit kvifor det er så lite fisk. Det er funn av kvikksølv i brosmene, mykje av fisken kan ein ikkje ete. Eit alvor tar publikum. Det er viktig for Sandberg å fortelje desse historiene:

— Naturen er det viktigaste vi har no. Det er ikkje noko alternativ å ikkje snakke om det. Bodskapen må nå fram til alle og då må eg bruke mine verktøy. Eg må skrive om det, seier ho.

EIGNE HISTORIAR: Mange kom bort til forfattaren og fortalde om eigne historiar frå robåten.

— Kvifor fungerer det så godt å kombinere natur med litteratur?

— Eg brukar turen som ein rammeforteljing for det eg prøver å formidle. Det blir ein motor, og så kan eg snike inn fakta i mellom. Det er ingenting som interesserer folk så mykje som ein god historie. Lesaren blir på ein måte lurt litt, seier Sandberg og smiler.

Ni dagar og ei natt

Til saman rodde dei i ni dagar - og ei natt. På den andre etappen møtte forfattaren og venninna krevjande vér. Det blåste opp, bylgjene slo mot båten og vatn tok inn. Dei ausa og dei rodde, gjennom heile natta. I føredraget skildrar ho det slik:

«Vinden blæs tankane ut av hovudet.»

Likevel er dette ei av hendingane ho trekk fram som dei beste på turen.

— Det er ofte slikt ein hugsar best i etterkant. Ein blir så fokusert, vi ville berre kome til land. Vi var ikkje spesielt redde, meir slitne. Kjensla av å vere utsliten, seier ho om natta på fjorden.

RO: Boka tar føre seg RO i to betydningar.

Må lese mellom linjene

Om Sandberg fann ro på turen vil ho ikkje svare direkte på.

— Det er mange som spør meg om det. Ein må nesten lese mellom linjene. Men kanskje viktigast av alt: Leite innover i seg sjølv, reflektere rundt natur og kva ein sjølv tenker om kva som er ro og heim, seier ho.

Men når ho fortel om turen blir det tydeleg at ho fann ei glede. Ansiktet hennar lysar opp i det eit og eit nytt minne kjem til ho.

— Det er noko av det beste eg har gjort, avsluttar Sandberg.

Powered by Labrador CMS