Eit skråblikk på den gløymde kunsten

Kanskje kunsten kan kurerast?

Det er eit nytt mediabygg i Volda, med ein prislapp på 250 millionar. Likevel er det lite kunst å sjå på det nye bygget. Kva med kunsten på dei gamle og kanskje gløymde bygga?

Publisert Sist oppdatert

Gjennom våre år på Høgskulen i Volda har vi observert mange kunstverk som pregar både veggar og fellesareal. Kva gir det oss egentleg?

Vi tok ei kunstvandring gjennom dei forskjellige bygga på Høgskulen, og tolkar den kunsten vi fann.

I publiseringa av denne saken har vi gjort mange vurderingar. Mange kunstverk er difor utelatt. Dette beklagar vi.

Vi oppmodar difor lesaren å ta denne kunstvandringa sjølv.

Ta med deg kritiske auge og gode sko. Vi brukte to timar.

Vi begynner med inngangen på Ivar Aasen-bygget



– Dette er eit forsøk på storby-vibes, seier Frida

Og det har ho heilt rett i

– Dei har fått til hovudelementa, ein gul taxi og ei litta høyblokk. Det blir med det, legg ho til

Det kan nesten sjå ut som det er planlagt. Den oransje sofaen med dei oransje bileta

Foreløpig virker det tilfeldig

Det neste kunstverket, finn ein i toppen av trappa på Aasen-bygget. Det er eit raudt veggteppe akkompagnert med ein brannslange, kanskje strategisk. For to store raude firkantar er det.

Jonas meiner dette er eit tradisjonelt 4kornaks veggteppe, og at han har eit fjernt minne av at mora hans fortalde han ei historie om eit sånn teppe før. Frida soner ut og er mildt uenig.

Den einaste skilnaden mellom dei to raude firkantane, er at den eine har hår.

Frå rødt til blått

Bak neste dør er det ei heilomvendig og vi entrer, heilt plutseleg og totalt uforventa, den blå sone.

Her er det amerikanske tilstandar, og vi er vitne til trailerpark-kunst frå nederste hylle. Det manglar berre eit bilete av Elvis eller James Dean, og kjensla hadde vore komplett.

Ivar Aasen-bygget, som Frida skildrar som ei hydraulisk presse, på grunn av den tette kjensla og det lave taket, er forlatt. Alle kontora er tomme. Berre restar og gløymde doktorgrader ligg att.

Brått lurer vi på om vi er med i ei episode av Åndenes makt, eller CSI, alt etter som. Gangane er mørke, og vi må bruke mobilane som lys.

– Her har det gått over stokk og stein, seier Frida.

Dei mørke gangane på Aasen er dekka med kunst og maleri. Ingen av enorm interesse. Men brått ser vi det. Eit maleri som pirrar.

Vi går mot det. Peikar lommelyktene på det, og fyrer av blitsen.

– Kva er det vi ser? Seier begge to.

– Jesus med jødestjerne? Kva betyr dette?

Her var det mykje å ta tak i.

Vi prøver.

Ein kan seie at biletet er delt i to med Jesus på korset i midten, og ei atomsky i bakgrunnen. Til høgre ser vi ei hand vi antek er gud si. Til venstre, ei meir djevelsk hand, som ser ut som den heldt eit reagensrør med det som berre kan vere eit foster.

Godt plassert under beina til Jesus, finn ein ei jordklode delt i to. Med ei kvit og ei svart hand som held i kvarandre. På den svarte handa sin halvdel, finn ein ei ISBN-kode. Kva kan dette bety? Er det jorda sin undergang? Eller kan det bety at jorda er til sals? Har vi solgt all moral?

Kanskje litt vel mykje. Men vi inviterer også lesaren til å undre sjølv.

I det ein ville kalla fojaeen på Strøm-bygget er der ei sittegruppe, med ein vegg dekka av det vi ville kalla teppe. Kanskje intensjonen er ein heilt annan. Vi veit ikkje.

Turen fortset. Inn mot Lillestrøm


Den vesle gangen som foreinar Aasen og Strøm-bygget


For oss kunstkritikarar er det eit mekka

Det bognar av kunst i gangen

Det første ein ser er to hovud, eller byster, som nærast rammar inn to maleri i midten

Kven som har laga desse, står der ingenting om

Men ein kan også her sjå at temaet er gjennomført

Her er mange hovud i gangen

Frida meiner dei blå teppa er satt opp i ein formasjon som kan minne om eit båt med mast og segl.

Det var utfordrande for fotografen å fange heile motivet, så vi oppmodar lesaren til å ta turen for å sjå seglskipteppet sjølv.

Klumpen

Kanskje det mest kjende og mest sette kunstverket på heile skulen.

Kva det skal vere, veit vi ikkje. Kva folk har bestemt seg for å kalle den, veit vi ikkje.

Kjært barn har mange namn.

Bak det vi har valt å kalle «Klumpen», ser ein også noko som kan minne om glasbrot.

Kva formål dette har, er uvisst. Men saman er det ein artig kombinasjon av mjuke og taggete former.

- Det ser ut som noko ein kunne reist ut i verdsrommet med, seier Frida

Vidare tek vi turen inn på Berte Kanutte-huset.

Pinnemenn i gang

I kantineområdet og på biblioteket finn vi ikkje noko kunst verd å nemne. Det mest interessante finn vi i andre etasje. Opp trappa og til venstre. Heilt ute av det blå, ser ein det som umiddelbart ser ut som to rustne metallstenger.

Det er først når ein kjem nærare at ein ser kva det skal vere. Eller at ein får ei ide om kva det skal vere.

Det ser ut som to dystre pinnemenn. Det er i alle fall slik vi tolkar det.

Om kunsten er modig, er vi usikre på. Det som er mest interessant med dette verket, er plasseringa. Litt sånn tilfeldig plassert ved ein vegg i andre etasje på Berte Kanutte-huset.

- Dei gir meg litt den same kjensla som då venninna mi kalla meg ein tynn pinne, fortel Frida.

Nesten rett ved sidan av, er det eit anna kunstverk med ein slags skjerm som viser tal, ikkje langt i frå køsystemet ein finn på eit apotek.

Det er sikkert ikkje meininga at skjermen og maleriet skal henge saman, men må ein underlig måte gjer den det likevel.

Er dette intertekstuell kunst?

Etter Berte Kanutte-huset er det eit naturleg val å gå vidare til det gamle Kaarstad-bygget. Eit kunstverk i seg sjølv.

Og det er her ein finn skjulte skattar. Bak to busker, med inngangen, ser ein det vi likar å kalle to båtskikkelsar. Dei er dekka av mose og ber preg av å ha vore der ei stund.

Mosekledde båtskikkelsar

Dei stammar sikkert frå ei tid før buskene var kortare, men som no har vekse forbi våre to stakkars båtskikkelsar.

Båtane i seg sjølv minner oss om Davy Jones og hans gjengrodde gjeng av piratar.

Vandringen ender i parken til Henrik Kaarstad

Høgskulen sitt svar på Edens hage

Kanskje er det symbolsk at turen avsluttas ved sida av ei vassekte statue; kunsten er ikkje gjøymd vekk likevel

Nærnett har prøvd å få kontakt med nokon på Høgskulen som har meir informasjon om dei forskjellige kunstverka, men har ikkje lukkast med dette.

Powered by Labrador CMS