Volda kyrkje.

Håpar fleire nytter seg av røysteretten

I år tester Den Norske Kyrkje ut ei digital løysing der ein kan førehandsstemme via nett. Ein kan fortsatt førehandsrøyste fysisk eller stemme på valdagane.

Publisert
Jostein Stråbø tykkjer det er kjekt at folk kjem innom kyrkjekontoret for å røyste.

VOLDA: Jostein Stråbø jobber som kyrkjeverje i Volda. Han håpar folk vil nytte seg av dei forskjellige måtane å røyste på i år.

--Vi har dreve førehandsrøysting i nokre veker no, og truleg vil ein del nytte seg av den digitale måten å røyste på. Kanskje gjer dette at totalt antall som bruker stemmeretten sin auker, og kanskje blir det mindre papirarbeid på sjølve valdagane. 

Stråbø fortel at det har vore ein del folk inne på kyrkjekontoret for å førehandsrøyste og at dei i tillegg har tilbod om førehandsrøysting i dei fleste kyrkjer og på aldersheimane.

Oppmodar folk til å røyste

--Soknerådet har berre ei liste, men om der er personar på lista ein ønsker skal ha fast plass i soknerådet, so kan ein sette eit kryss med namnet deira. Vi har diverre ikkje hatt kapasitet til å presentere kandidatane godt nok, men på sjølve valdagane vil det bli hengt opp eit skriv fra Volda sokn som fortel litt om kvar kandidat. På denne måten kan dei som røyster på desse dagane lese seg litt opp før dei leverer røysteseddelen.

Må ikkje gå fast i kyrkja for å røyste 

For å røyste ved kyrkjevalet må ein vere medlem av Den Norske Kyrkja, ha adresse på den aktuelle staden ein skal røyste og fyllt 15 år. Stråbø peiker på at kyrkja på denne måten er meir frampå når det gjeld ungdom enn på kommunalt og nasjonalt plan.

Stråbø meiner at ein ikkje treng å gå fast i kyrkja for å ha ei meining om korleis den skal styrast no og i framtida.

INFORMASJON: Utanfor Volda kyrkje finne ein plakatar om kyrkjevalet.

-Mange oppsøker kyrkja berre ved dei store livshendingane, som dåp, bryllup eller gravferd. Då har ein truleg ei meining om korleis ein ønsker at det skal vere. For eksempel om korleis kyrkjebygget skal vedlikehaldast og utviklast. Om ein bryr seg om dette, er det grunn nok til å nytte røysteretten sin.

Same valgdag som kommunevalet

Kyrkjevalet er same dag som kommunevalet, mandag 11. september. I tillegg til ein ekstra valdag, søndag 1o. september. Stråbø fortel at dette er ein føresetnad frå Stortinget og regjeringa som ein del av moderniseringa av kyrkja. Difor er det ønskeleg at vala pågår parallelt, slik at kyrkjevalet på eit vis også blir ein del av lokaldemokratiet, seier Stråbø.

--Vi har ein demokratisk tradisjon i kyrkja, med folkevalde som er med på å bestemme prioriteringar og satsingsområder. Valet er ei viktig hending kvart fjerde år, for å finne folk i medlemsmassen som er villig til å gå inn i eit råd eller styre, og som har meiningar om korleis vi skal drive kyrkja i det enkelte soknet. Dei skal også legge nokre føringar for oss tilsette, og sånn sett er kyrkjevalet viktig for å få på plass desse råda.

Saka held fram under bildet.

PÅ LISTA: Ingeborg Nygjerd og Bernt Krøvel er to av tretten kandidatar på lista til Volda sokn.
Nygjerd meiner det er viktig å bidra om ein ønsker å ha eit forhald til kyrkja.

Ingeborg Nygjerd er 4.kandidat på lista til Volda sokn under kyrkjevalet 2023. Ho tykkjer det er viktig at dei som ønsker å ha eit forhald til kyrkja bruker stemmeretten sin under valet 10.-11.September.   

-- Eg har vore vara i fire år, so då eg fekk spørsmålet om å stille på lista til Volda sokn, synest eg det høyrtes spanande ut. Det er kjekt å kunne bidra og sjå kva det kan bli til. 

For Nygjerd er det viktig å behalde det tradisjonelle ved kyrkja, men ho er også tydleg på at openheit er viktig.

--Ofte kan ein tenke at det er litt steile frontar i kyrkja, der fleire er opptekne av konservative og liberale sider. Eg ser meg sjølv i midten. Eg er trygg i mi personlege tru, men eg meiner det er viktig at vi har openheit og raushet også for dei som ser ting annleis. Kyrkja bør vere ein stad der alle skal føle seg velkomne, uansett korleis ein tolker trua. Vi må vere opne for å kunne sjå forskjellige sider. For meg er det positivt at kyrkja er so tradisjonsrik som den er, men det appellerer også veldig til meg slik dei gjer i nokre andre meinigheiter, der det mellom anna er meir rom for prat og deling under gudstenester. 

Viktige saker å jobbe for

UVERDIG: Nygjerd ønsker at rullestolbrukarar på lik linje med andre får kome inn og ut av kyrkja saman med resten av kyrkjelyden.

--Eg ønsker at vi får bygd ein rampe for rullestolbrukarar ved hovedinngangen av kyrkja. I dag må dei nytte ein inngang på baksida av kyrkja. Dette er ei sak eg er spesielt oppteken av, og eg håpar vi får det til snart.

Kyrkjeverje i Volda, Jostein Stråbø, fortel at det er planer om dette, men at det står att ei runde med Riksantikvaren for å få godkjent nokre detaljar.

Rekrutering 

Førstekandidat på lista til Volda sokn, Bernt Krøvel, ønsker fleire deltakarar på gudstenestene, der han spesielt vil jobbe mot å rekruttere den yngre målgruppa. 

--Det bekymrar meg litt at det er få unge som møter opp på gudstenester. Eg håpar vi kan gjere det meir attraktivt for barnefamiliar, studentar og ungdom å møte opp på arrangement i samband med kyrkja. Til dels søndagsskule, barnekor og konsertar. Diverre har vi ein del utfordringar med å skaffe nok frivillige til slike arrangement.  

Ingen valkamp

Bernt Krøvel ønsker ei open kyrkje for alle.

Krøvel fortel at verken han eller dei andre kandidatane driv noko spesiell valkamp.

--Det var vanskelig nok å få 13 namn på lista, so eg er glad vi klarte det. Med kun ei liste er det ikkje noko særleg poeng å drive valkamp. Vi har skrive nokre innlegg i lokale aviser, og brukt nettsider og sosiale medier, men vi kunne kanskje ha fronta valet litt meir med å stille på stand eller presentere kandidatane på nettsidene våre.

Han ønsker at kyrkja er ein stad der ein blir møtt med eit smil, velvilje og ønsket om ein god dag.

--For meg er det viktig at vi har openheit og at kyrkja er for alle. Uavhengig av kva preferanser ein måtte ha i forskjellige problemstillingar. La oss samle oss om det viktige, so kan heller kontroversielle spørsmål ligge, det er vertfall mi haldning. Døra skal vere høg og porten skal vere vid.

 

Powered by Labrador CMS