
Sjukehusa ut av pandemiberedskap
Fra 29. mars kl. 15 skal Helse Møre og Romsdal tilbake til normal beredskap. – Pandemien pregar og vil framleis prege arbeidet i Helse Møre og Romsdal, men det er ikkje lenger behov for auka beredskap, seier administrerande direktør Øyvind Bakke.
Det har tidlegare vore strenge besøksrestriksjonar. No blir besøksrestriksjonane ved sjukehusa blir oppheva.
Ein blir framleis oppfordra til å halde seg heime om ein er sjuk, har oppkast/diare eller har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon.
– Vi kjem til å følgje smittesituasjonen framover i leiarlinja i nært samarbeid med dei føretakstillitsvalde og hovudverneombod, fortel Bakke.
Enkelte smitteverns tiltak vil bli videreført:
Tilsette skal bruke munnbind i pasientnært arbeid (stell etc).
Tilsette, pasientar på poliklinikk/dagbehandling og besøkande skal bruke munnbind dersom dei har husstandsmedlemer eller tilsvarande nære som har covid-19.
Pasientar med nyoppståtte luftvegssymptom bør framleis få utsett time til behandling dersom det er medisinsk forsvarleg.