POPULÆR BRU: Denne hjorteovergangen vert kryssa av rundt 1000 dyr i året. No vil han kanskje forsvinne for godt

Her må hjorten finne ein ny veg over vegen

Volda kommune har endra planskissa for tunnelen mellom Volda og Furene. Ørsta kommune meiner den nye planen skaper trøbbel for hjorten i området.

Publisert Sist oppdatert

– Me er bekymra for at hjorten vil komme til å krysse vegen på andre stader enn den planlagde viltovergangen. Det vil vere farleg både for dyr og menneske, seier Wenche Solheim, kommunedirektør i Ørsta kommune.

BEKYMRA: Wenche Solheim fryktar eit auka tal påkjørslar av hjort i tida framover.

Ho er ein av avsendarane bak Ørsta kommunes saksframlegg i saka om Voldatunnelen. Den noverande planen legg opp til ei lengre strekning med open veg, og mindre plass for hjorten i området til å krysse vegen.

– Me bryr oss om dette fordi hjorten kryssar over til Ørsta kommune. Det er snakk om eit viktig hjortetrekk for både Ørsta og Volda, seier kommunedirektøren.

Kan føre til fleire ulykker

Voldatunnelen skal etter planen bli eit bindeledd mellom Volda og Furene. Tunnelen vil vere om lag 3,8 kilometer lang, og leie trafikken langs E39 vekk frå Volda sentrum og fjorden. Forslaget har vorte godt motteke blant innbyggjarane i både Ørsta og Volda (sjå lengre oppsummering av saka nedst i artikkelen).

Solheim meiner likevel at menneska ikkje er dei einaste ein ein må ta omsyn til i denne saka.

– Hjort og menneske må kunne eksistere saman. I gjeldande reguleringsplan frå 2018 vart det lagt mykje vekt på å sikre hjortetrekket med eigen brei overgang. På denne måten slepp me konflikt mellom biltrafikken og hjorten.

Ved overbygget som finst over vegen i dag er det gjort teljingar som viser at hjorten faktisk nyttar vegen. Det er også andre trekk i området, og Ørsta kommune er bekymra for at hjorten vil trekkje over vegen dersom den reviderte planen vert realisert.

Dersom den nye reguleringsplanen vert innført vil hjortetrekket ved Furene måtte gå over ein joddekt portal som ei forlenging av tunnelen. Dette vil ifølgje Solheim gi hjorten mykje mindre plass enn han har i dag, og potensielt tvinge han ut i vegen. Kommunedirektøren meiner dette kan føre til eit auka tal ulykker langs vegen.

TRAVLE DAGAR: Det er mykje jobb i arbeidet med Voldatunnelen

– Vår største frykt

Ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, trur ikkje at hjortekryssinga vil bli eit like stort problem som Solheim antydar.

– Det er sant at det kjem til å bli meir open veg med det reviderte planforslaget. Dette kan likevel løysast med hjortegjerde og andre løysingar for å hjelpe hjorten over vegen på rett stad, seier Dimmen.

Prosjektet med Voldatunnelen har allereie vore utsett fleire gonger. Den reviderte reguleringsplanen for prosjektet kjem som følgje av vanskar med å få til kostnadskutt i den opphavlege planen. Inntil vidare er det planlagt oppstart i 2025, men Sølvi Dimmen fryktar at Ørstas saksinnlegg kan føre til nye utsetjingar.

FORSIKTIG OPTIMIST: Sølvi Dimmen fryktar nye forseinkingar i prosjektet.

– Det er vår største frykt. Plan er ferskvare, og me hadde ein plan, men han vert no revidert. Det er alltid usikkert kor mange slike rundar me må gå.

Kvart fjerde år utviklar Regjeringa ein Nasjonal Transportplan (NTP), som gjeld for dei neste 12 år. Neste NTP vert lagt fram av Regjeringa våren 2024. Skal den reviderte reguleringsplanen for Voldatunnelen vere med må han vedtakast før 1. januar 2024.

– Det er klart at dette er noko som hastar, både for oss og for innbyggjarane, seier Dimmen.

God dialog

Planforslaget er utarbeidd av Statens vegvesen, og det er Volda som planstyresmakt som skal godkjenne det til slutt. Likevel understrekar Dimmen at ho trass bekymringa for utsetjingar ikkje ser noko problem med at Ørsta kjem med innspel i saka.

– Dette er eit planforslag som i sin heilskap ligg i Volda kommune, men det er klart at me må ta omsyn til alle interesser som involverer både Volda og Ørsta. Sidan hjorten går på tvers av kommunegrensa har Ørsta rett på å uttale seg om saka, som alle andre.

Solheim stiller seg samd, og påpeikar at dei to kommunane så langt har hatt ein god dialog om prosjektet. Ho meiner saka også vil få mykje å seie for Ørsta, men held seg unna å kommentere ting som ikkje angår sin eigen kommune.

– Me meiner ingenting om landbruk og bruk av areal i Volda kommune, men hjorten går over til Ørsta kommune. Dermed er det relevant at me uttalar oss på akkuret dette punktet. Hjorten bryr seg ikkje om kommunegrenser, men går der han går. Det må han få lov til, også i tida framover.

ORIGINALEN: Slik såg prosjektskissa ut i 2018. Tunnelmunningen stikk ut til høgre i rundkøyringa.
VIDAREUTVIKLINGA: Slik ser prosjektskissa ut i den nye reguleringsplanen. Her har det vorte om lag 100 meter lenger open veg.

Minste felles multiplum

Den første reguleringsplanen for prosjektet vart vedteke i 2018, men saka hadde vore diskutert i både Ørsta og Volda i ei årrekkje før det. Både Solheim og Dimmen er tydelege på at dette er ei sak som engasjerer folk i begge kommunane, og at ingen er tente med at ho vert lenger utsett enn nødvendig.

– Denne tunnelen er heilt nødvendig for bygda. Det å byggje eit så stort veiannlegg er vanskeleg i tettbygde område, sidan det må takast omsyn til landbruk, hjort og mjuke trafikantar, i tillegg til trafikken på vegen. Men at det er stort behov for vegen er noko både Ørsta og Volda er samde om, slår Dimmen fast.

Ho håpar derfor at dei begge vil vere innstilte på å finne dei beste løysingane i tida framover, slik at prosjektet kan realiserast.

– Det perfekte må ikkje bli det godes fiende. Det handlar om å finne minste felles multiplum, slik at prosjektet vert noko av. Det trur eg me alle er samde om.

Voldatunnelen: Saka oppsummert

o Våren 2017: Regjeringa presenterer eit estimat for kostnadene av ei eventuell utbygging av tunnel mellom Volda og Furene. Kostnadene på prosjektet vert estimert til 900 millionar kroner.

    o 31. mai 2018: Reguleringsplanen for E39 mellom Volda og Furene blir godkjend. Kostnadene er no på 1142 millionar kroner. Statens vegvesen initierer eit arbeid med å finne kostnadskutt i prosjektet.

    o Det lykkast ikkje å finne store kostnadskutt innanfor rammene av den godkjende reguleringsplanen, og det vert konkludert med at det er nødvendig å vurdere ei endring av planen.

    o 11. mai 2022: Statens vegvesen startar i samarbeid med Volda kommune arbeidet med ein ny reguleringsplan.

    o 13. juni 2023: Formannskapet i Volda vedtek å sende ein ny reguleringsplan ut på høyring.

    o 29. juni 2023: Eit informasjonsmøte om den nye reguleringsplanen vert halde i Volda

    o 16. august 2023: Ørsta kommune sender si tilråding om prosjektet i eit saksframlegg til Volda kommune som kritiserer den nye reguleringsplanen på fleire punkt. Dei meiner den nye løysinga blant anna vil vere dårlegare for hjortetrekket i Furene,

Powered by Labrador CMS