VONAR PÅ GOD REKRUTTERING: Dekan Arne Myklebust vonar det nye nettstudiet ved Høgskulen i Volda vil føre til god rekruttering.

No kan du studere religion og kultur på nett

Frå hausten av blir det mogleg å ta bachelorgrad i religion og kultur ved Høgskulen i Volda. Dekan ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust, vonar nettstudiet vil hjelpe med å rekruttere nye studentar til høgskulen.

Publisert

VOLDA: "Utdanninga er nettbasert og handlar om spørsmål og problemstillingar som er aktuelle i samfunn prega av religiøst og kulturelt mangfald".

Dette står i programskildringa av det nye bachelorprogrammet ved Høgskulen i Volda. Det er ein bachelor i religion og kultur det er snakk om. Og undervisninga vil gå føre seg på nett.

– Me vonar at eit nettstudium skal rekruttere betre. Me har hatt ein bachelor i religion, som me førebels har måtte leggje på is som eit campusstudium. Årsaka var for få søkjarar, fortel Myklebust.

Kan brukast til mykje

NYTT STUDIEPROGRAM: Til hausten blir det oppstart på eit nytt studium ved avdeling for humanistiske fag.

Studiet er allereie ferdig utvikla. No står det berre att å få på plass alt rundt.

– Studiet vil passe for folk som har interesse av å setje seg inn i feltet med religion og kultur. Dette er ein bachelor, så det er eit omfattande studium som du kan utvikle vidare i ulike retninger, fortel Myklebust.

Studiet kan passe for mange, ifølge dekanen. Han dreg fram at utdanninga kan vere aktuell for folk som vil jobbe med undervisning, eller i anna arbeid med folk som kjem frå forskjellige religionar eller kulturar.

– Dette med religions- og kulturforståing er viktig for mange forskjellige jobbar.

Oppstart på studiet er no i haust, og du søkje gjennom samordna opptak.

Powered by Labrador CMS