Aktuelle med bok:

Hundre år med Bibelen på norsk

I år er det 100 år sidan Fyrebilsbibelen vart gjeven ut. Per Halse (Høgskulen i Volda) og Anders Aschim (Høgskolen i Innlandet) markerar jubiléet med å gje ut bok om dette. Måndag 22. november heldt dei føredrag om arbeidet sitt under eit lunsjarrangement ved biblioteket på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda.

Publisert Sist oppdatert

Boka er rykande fersk frå trykkeriet – den kom ut heilt i byrjinga av november, og dei to professorane kan fortelje at det har vore ein spanande prosess.

- Både Per og eg kjenner terrenget litt frå før, og me visste begge om at det låg eit ganske stort kjeldemateriale som ikkje hadde vore brukt noko særleg tidlegare, fortel Aschim.

Den fyrste Bibelen på norsk

Bibelen på norsk:

Den såkalla fyrebilsbibelen er den fyrste utgjevinga av Bibelen på nynorsk, og vart gjeve ut av Studentmållaget i Oslo i 1921. Namnet på boka av Halse og Aschim, «Den fyrste Bibelen paa norsk», er basert på ein artikkel som vart gjeve ut om fyrebilsbibelen rundt tida den kom ut. Halse og Aschim konkluderer i boka si om at den, riktig nok, er den fyrste Bibelen på norsk, med tanke på at landsmålet, for mange var meir forståeleg enn riksmålet.

Det var under lunsjpausa etter ein disputas ved Høgskolen i Innlandet i februar 2020 at dei kom på idéen om dette prosjektet. Og da dei innsåg at 100-årsjubiléet berre var eitt år unna, var det berre å kaste seg rundt og kome i gang. Og at dei arbeider frå kvar sin del av landet, var naturlegvis ikkje noko problem i år 2020, fortel Aschim:

- Det har fungert slik som for alle andre – stort sett, har det jo vore korona medan me har haldt på. Så me har jo kommunisert digitalt. Me har møttast nokre få gongar undervegs, men òg sendt utkast til kvarandre.

Gode venar og kollegaar

Aschim og Halse har fordelt arbeidet mellom seg, og hatt hovudansvar for kvar sin del av boka. Dei to er gode venar, tidlegare kollegaar, og kjenner kvarandre frå gamle dagar.

- Det har vore ein veldig fin prosess. Sjølv om me har hatt det travelt, begge to, med andre oppgåver, så har det vore ein veldig god prosess, seier Aschim.

No er dei glade for at boka er gjeven ut.

- Det kjennes veldig bra å stå med ei ferdig bok i handa til slutt.

Powered by Labrador CMS