På bispemøtet samlast dei tolv biskopane frå heile landet. Det er biskopen i Nidaros bispedømme som leier møtet. Biletet er frå Ulstein kyrkje.

Kvinneprest-saka: – Vedtaket står fast

18.-22.oktober er det duka for det siste bispemøtet for i år. Der skal dei snakke om fjorårets vedtak om at ingen kan nekte å samarbeide med kvinner i kyrkja.

Publisert Sist oppdatert

– Bispemøtet sitt vedtak i denne saka står fast. Det er ingen rett å kunne avstå frå samarbeid med andre kollegaer.

Det skriv Elise Sandnes, generalsekretær i Bispemøtet, til Nærnett på e-post.

Bispemøtet blir arrangert tre gongar i året, og det er i dette organet dei tolv biskopane møtast. Denne gongen skal dei blant anna diskutere korleis kyrkja skal følgje opp vedtaket frå i fjor om at ingen kan nekte å samarbeide med kvinner.

Framleis eit problem

5.oktober blei vikarprest Vidar Nes Mygland i Ørskog tatt ut av teneste. Han meiner at kvinner ikkje kan vere prestar. Tidlegare denne veka gjekk også sokneprest Mikael Bruun i Sogndal av. Heller ikkje han anerkjenner kvinner i presteyrket.

Fleire biskopar har også fortalt til NRK at dei framleis har prestar i sitt bispedøme som ikkje vil samarbeide med kvinner.

Elise Sandnes er generalsekretær i Bispemøtet.

Sandnes frå Bispemøtet vil bort frå ein slik praksis.

– Alle prestar må kunne samarbeide med kvarandre. Vedtaket i Bispemøtet frå oktober 2020 er eit klart uttrykk for at vi vil bort frå ein slik praksis som vi har sett no, skriv ho.

Inviterte Mygland til felles alterteneste

Nærnett møtte sokneprest i Ulstein, Margit Lovise Holte, for eit par veker sidan. Ho har sjølv fått kommentarer på kjønnet og yrket sitt.

– Klart eg blir sint. Det er urettferdig at nokon seier at eg ikkje kan vere prest fordi eg er kvinne, men det er viktig at eg tar sinnet innover meg og bruker det til noko fornuftig, sa ho til Nærnett.

Før Mygland blei tatt ut av teneste, inviterte Holte han til å kome til Ulsteinvik å gjere alterteneste i lag. Mygland svarte ikkje på invitasjonen.

Les heile intervjuet med Holte her:

Powered by Labrador CMS