Johanne Nygård Støyle og Nora Sæbønes i klatrehallen i Ørsta.

Klatrebølgje

No er klatresesongen fullt i gang. Sunnmøre klatreklubb i Ørsta har merka stigande interesse for sporten

Publisert Sist oppdatert

VOLDA/ ØRSTA:. Mange som lenge har hatt lyst å byrje med klatring har teke steget vidare og meldt seg på brattkortkurs. Det er eit sikkerheitskurs ein må ha for å klatre på innandørsveggar utan å ha med instruktør.

Stor auke i medlem

Før pandemien låg medlemstalet i klubben på 600-700, men no er talet oppe i heile 900. Styreleiar i klatreklubben, Daniel Garden, er godt nøgd med utviklinga.

- Der er mykje aktivitet heile veka. Det viser seg at det både er folk som har klatra lenge og dei som akkurat har begynt.

Garden fortel vidare at auken i medlemstal truleg heng saman med at dei no kan tilby to moderne klatreahallar både i Ørsta og Volda.

- Det kom ny klatrehall i Volda i fjor, og tilbodet har blitt teke godt i mot, seier Garden.

Venninene Johanne Nygård Støyle og Nora Sæbønes er nokre av dei som bestemte seg for å ta brattkortkurs.

Difor har det vore auke

Han fortel at det er ikkje berre her i området ein kan merke auke, men at det er noko ein ser over heile Europa. Han trur at noko av grunnen kan vere at folk har funne seg nye individuelle hobbyar.

- Det er ei form for eigentrening, men det er også ein spenningsaktivitet for mange. Og så er det individuelt, du er ikkje på eit lag der du er anten er best eller dårleg. Du berre konkurrerar mot deg sjølv for å forbetre deg sjølv.

Garden understrekar at klatring kan passe for dei fleste i alle aldrar. Klubben har barneklatring ein gong i veka med faste grupper, ungdomsgrupper på ulike nivå og i tillegg tilbyr dei diverse kurs.

Gode råd til dei som vil byrje å klatre

Ein godt nøgd styreleiar Daniel Garden.

Når det gjeld klatring som hobby er det spesielt to ting Garden trekk fram som er viktig å tenkje på.

- Det å ha nokon som ein klatrar fast saman med er lurt, for då får ein prøve ut litt meir samtidig som ein kjem inn i eit sosialt miljø. Når det gjeld sikkerheit bør ein gå kurs, slik at ein får systematisk gått gjennom dei mest elementære behova for sikring.

No som utesesongen snart startar, kan dette vere lurt at ein fyrst startar inne for å lære seg det grunnleggjande. Då kan ein kan ta med seg den kunnskapen når ein sidan skal ut og for å klatre.

- Så det er no ein må starte dersom ein kjenner på ein liten ambisjon for å prøve det, fortel Garden..

Klubben har to pandemiår å ta att, og Garden legg ikkje skjul på at dei har klare planar for tida framover.

- Vi har lyst å bygge opp att klubbmiljøet fordi det har blitt mykje større enn sist. Også å sørgje for at dei som er nye får utvikla ein framgong i klatrekarriera si.

Powered by Labrador CMS