Ordførerkandidater Hareid: Annika Brandal (V), Oscar Grimstad (Frp) og Bernt Brandal (Folkelista)

Bli kjend med ordførerkandidatane: Hareid 

Me har snakka med nokon av ordførarkandidatane i Hareid kommune. Her ska du få bli betre kjend med dei. 

Publisert Sist oppdatert

Namn: Oscar Grimstad

Parti: Fremskrittspartiet

Stilling: Styreleiar, Kystrederiene

Oscar Grimstad (Frp)

Kva syns du er det beste med Hareid?

- Hareid er ein flott kommune. Me har nærheit til havet og fjellet og gode fiskevatn.

Kva er din hjartesak?

- Eg vil gjere ein god jobb for innbyggjarane i Hareid. Ta vare på verdiane i kommunen.

Vil du slå saman Ulstein og Hareid kommune?

- Nei. Eg syns det skal avgjerast med folkeavstemming.

Kva syns du om eigedomsskatt?

- Eg vil unngå eigedomsskatt.

Kva inspirerer deg?

- Det er inspirerande når alle gjev sitt bidrag i lokalsamfunnet. 

Kva irriterer deg?

- Seint byråkrati og nei-haldning irriterer meg.

Har du ein funfact om deg sjølv?

- Eg er glad i å synge.

Korleis vart du interessert i politikk?

- Det starta for mange år sidan. Eg har jobba med politikk på kommune- fylkes- og stortingsnivå. Kvardagen min består av politikk.

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

- Eg sitt i styret i fleire selskap og organisasjonar.

Kva gjer du på fritida?

- Då er eg som oftast på hytta. 

Kva bør ein oppleve i din kommune?

- Ein bør gå i fjella og fiske i vatna og i sjøen.

Og til slutt. Kvifor vil du bli ordførar?

- Eg veit eg kan gjera ein god jobb for Hareid og for innbyggjarane.

 

Namn: Bernt Brandal

Parti: Folkelista i Hareid

Stilling: Noverande ordførar

Bernt Brandal (Folkelista i Hareid)

Kva syns du er det beste med Hareid?

- Det er så mykje som er bra med Hareid – det blir ei heil bok. Vanskeleg å svare på.

Kva er din hjartesak?

- Å gjere det beste for innbyggjarane og næringslivet. Hareid skal vere ein god kommune å bu, vokse opp og bli gamal i. Totalen er viktig. 

Vil du slå saman Ulstein og Hareid kommune?

- Eg ser ingen grunn til det. Me samarbeidet bra når me må, men me klarer oss godt aleine.

Kva syns du om eigedomsskatt?

- Eg lika den ikkje og syns det er ein uting. Men den er vanskeleg å få fjerna når det først er innført. Men den skal ikkje aukast og me vil fjerne den over tid. 

Kva inspirerer deg?

- Å få til noko. Få satt det i gang og sjå resultatet av det du driv med. Sjå at ting vert til. 

Kva irriterer deg?

- Når ting går fort seint eller stoppar i byråkrati.

Har du ein funfact om deg sjølv?

- Heile meg er ein funfact!

Korleis vart du interessert i politikk?

- Eg har eigentleg vore interessert sidan ungdommen. Eg dreiv med politikk når eg studerte. Eg har alltid brydd meg.

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

- Nei, det er full fart heile tida. Eg sit i møter og i telefonen, samarbeider med næringsliv og snakkar med innbyggjarar. Eg har stort sett full kalender.

Kva gjer du på fritida?

- Eg er glad i å vere i fjellet og dra ut i båt. Men det blir ikkje så mykje tid til det.

Kva bør ein oppleve i din kommune?

- Å føle at Hareid er ein god plass å bu, og vere stolt over kommunen sin. Ein bør ynskje å bidra til vidare utvikling.

Og til slutt. Kvifor vil du fortsette som ordførar?

- Eg vil få fullført det eg har sett i gang. Eg har lyst til å fortsette fordi jobben er givande.

Namn: Annika Brandal

Parti: Venstre

Stilling: Kulturkonsulent i Ulstein kommune

Annika Brandal (Venstre)

Kva syns du er det beste med Hareid?

- Alt. Det er ei flott bygd. Det er kjekt å være engasjert i bygda.

Kva er din hjartesak?

- Alle skal ha ein meiningsfull kvardag og alle ungar skal få vera med på minst ein fritidsaktivitet. Me bør ha forutsigbare vilkår for næringslivet, og me må ta vare på naturen.

Vil du slå saman Ulstein og Hareid kommune?

- Nei. Me har vært gjennom den prosessen. Det blei nei i folkeavstemminga sist. Me har det veldig fint i Hareid og det skjer mykje bra her.

Kva syns du om eigedomsskatt?

- Det er ingen som ynskjer det trur eg. Men med den kommuneøkonomien me har nå, trenger me det. Men viss det er økonomisk forsvarleg vil me redusere den.

Kva inspirerer deg?

- Det meste. Folk, natur og kultur.

Kva irriterer deg?

- Det skal litt til. Eg godtar det meste.

Har du ein funfact om deg sjølv?

- Eg klarar ikkje å kople retningane høgre og venstre, før eg får tenkt meg grundig om. Dei politiske retningane og partia har eg heldigvis kontroll på.

Korleis vart du interessert i politikk?

- Det var ein sak i kommunen om grøn omsorg og inn på tunet når eg var 17 eller 18 år. Eg skreiv eit lesarinnlegg og har vore engasjert sidan. Eg såg at det gjekk an og engasjere seg å påverke lokalsamfunnet.

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

- Eg jobbar i kulturavdelinga i Ulstein kommune. Ingen dag er lik. Eg jobbar med barn og ungdom, kulturhus og som kulturkonsulent. Og så har eg noko permisjon til politikk.

Kva gjer du på fritida?

- Det er mykje valkamp akkurat no. Politikken pregar kvardagen resten av året og. Men elles brukar eg tida på familien og vere ute i frisk luft.

Kva bør ein oppleve i din kommune?

- Ishavsmuseet i Brandal er eit must.

Og til slutt. Kvifor vil du bli ordførar?

- Eg brenner for kommunen. Eg har vore politisk aktiv i 20 år og er klar for å gjere ein innsats som ordførar.

Powered by Labrador CMS