
Kven er sunnmøringane?
Sunnmøringar er ei velkjent gruppe over heile landet. Mange har meiningar om dei. Mange parodierer dei. DNA-forskning gir svar på kor dei kjem frå.
SUNNMØRE: Det er mogleg å finne opphavet til sunnmøringar heilt bak til vår felles stamfar i Afrika. Å granske slektsband er noko genetisk slektsforskar Gunnar Sigve Aurdal har vore oppteken av sidan han var ungdom. I FjordDNA arbeider han for å finne opphavet til sunnmøringar. Han ynskjer å finne nyanser til historien.
- Eg vil finne ut kor sunnmøringene kjem frå og kor tid dei kom hit.

DNA gir moglegheiter
Aurdal fortel at slektsforsking DNA kan gi mykje meir informasjon enn dei skriftlige kildene.
- I vanleg slektsforskning kan ein komme et godt stykke tilbake, dersom ein er heldig og kjem inn på ein kongelinje. Men gjennom DNA kjem vi 2-300 000 år tilbake i tid. Til alle si felles stamfar i Afrika.
Historiene som drivkraft
Det å grave i slekt gir slektsforskaren meir enn navn. Det er alle dei spennande forteljingane som pirrar Aurdal si nysgjerrigheit. Han likar å sjå ut over fjorden å sjå for seg livet som utspilte seg for mange hundre år sida.
- Eg ser nesten for meg skipa med dei fyrste pionerane som kjem inn hit.

Norge i miniatyr
Resultata frå Sunnmøre er samansette, med meir varierte typer treff enn i resten av landet, ifølgje slektsforskaren. Årsaka kan liggje i havet og fjorden, og i mektige menn og kvinner. Aurdal fortel om slektskap frå Irland og Afrika. I Bjørkedalen har det på eit tidspunkt kome ei dame ganske direkte frå Nord-Afrika rett i etterkant av vikingtida.
- Korleis veit vi ikkje. Det kan være trellskap eller via ein handelsallianse kanskje, men det er spennande.