Den unge kvinna som opphavleg er frå Finnøy utanfor Stavanger, trivst godt med «nomadelivet».

Loppar på hjul

Stine Vastveit køyrer rundt i ein bubil med påskrifta «Loppisvan». Frå den driv ho ein reisande loppemarknad.

Publisert

I tre år har Stine Vastveit reist rundt med den vesle butikken sin. Ho hadde lenge ynskt å starte gjenbruksbutikk, men det passa henne ikkje å vere bunden til ein bestemt stad.

Med ynskje om både å bu i bil, og å drive bruksbutikk, la Vastveit saman to og to.

Slumpetreff

Den lange reisa byrja på sjukepleiarstudiet i Oslo. Vastveit ville spare pengar, og fann ut at ho kunne bu i ein bil. Då det vart trongare om plassen, måtte ho kvitte seg med mange av eigedelane sine.

Kvinna som lenge har spart på vintage- klede, hadde mykje ho måtte selje på kort tid. Såleis vart det ei rask avgjersle om gatesal under varemerket «Loppisvan». Loppemarknaden i den nye heimen hennar vart raskt ein suksess, og både verksemda og livsstilen gav meirsmak.

Sjå videoreportasjen nedanfor:

– Eg kjem til å halde fram med dette så lenge det gir meir en det tar, seier Vastveit som er særs nøgd med kvardagen.

- Eg kjem til å halde fram med dette så lenge det gir meir en det tar, seier Vastveit som er særs nøgd med kvardagen.

Stine Vastveit

Tysdag var ho i Sogndal, onsdag i Volda, og sidan skal turen gå vidare til Oslo. Det blir mykje reising, og få langsiktige planar. Fordelen er at ho ikkje er bunden. Med både heimen og arbeidet i bilen, står ho fritt til å organisere kvardagen sjølv.

Fri som fuglen reiser Vastveit rundt i heile Noreg for å kjøpe og selje brukte klede, men når vinteren kjem, trekkjer ho gjerne sørover.

– Eg er som ein kanarifugl og trivst best i varmen, seier kvinna som ikkje er framand for å oppsøkje nye land og kulturar.

Færre gjenbruksvarer

På Søre Sunnmøre florerer det av bruksbutikkar og innleverings-konteinarar. Til trass for det gode tilbodet opplever organisasjonane nedgang i kor mykje klede og tekstiler folk donerer.

Fretex Norge har hatt ein nedgang på nærare 5000 tonn i heile landet dei siste tre åra, og trenden er den same på Søre Sunnmøre.

Anna Sigaard, stipendiat og forskar ved OsloMet, seier at pandemien har verka inn på forbruket – Når folk kjøper færre kleder, er det også naturleg at dei har mindre å gje.

Sigaard forskar på bærekraftig tekstil og matforbruk. Ho peiker også på auken av gjenbrukssal i andre kanalar, slik som Facebook-gruppe, Finn.no og liknande. I tillegg seier ho at folk er litt tilbakehaldne med å donere kleder fordi dei er i tvil om det faktisk kjem nokon til gode.

– Her har ein litt meir oversikt, seier ho og legg til at ein gjerne får meir tru på at det er nokon som ynskjer å bruke tinga når ein sel det direkte til nokon ein kjenner til.

Livsstil

Den unge gründeren likar godt å surfe og danse, og lærar helst ved å oppleve verda. I fjor budde ho fem månader i Mellom-Amerika, mellom anna for å lære seg spansk.

Å vere handelsreisande er mest som ein livsstil, men for ein som verdset fridomen høgt, passar det godt å vere ubunden. Likevel er Vastveit glad ho har fullført sjukepleiarutdanninga. Ho tykkjer trass alt at det er godt å ha noko å falle attende på.

– Eg valte utdanninga fordi eg likar å jobbe med menneskjer, fordi eg ynskjer å bidra med noke, og fordi eg vil ha moglegheita til å kunne jobbe utanlands, fortel ho.

Her er mykje flanell og heimestrikka klede.

Vastveit er usikker på kor lenge ho vil leve slik ho gjer no, men ho har i alle fall ikkje planer om å kaste in handkleet med det fyrste. Ekspeditøren og alt-mogleg-kvinna viser fram ei skjorte frå Mexico, og ei frå Nicaragua. Ho seier ho kjøper inn det ho sjølv likar, og at det skal vere noko autentisk og annleis.

Det er tydeleg at Vastveit har funne si eiga nisje – eit levebrød som rett nok ikkje gjev ei feit lommebok, men som gjer livet interessant. Ho seier det best sjølv:

– Eg blir ikkje rik på pengar, men eg får oppleve særs mykje.

Powered by Labrador CMS