DANSELEIK: Frida Lillebø-Voll (6) er med på KuDraMuDa (kunst, drama, musikk og dans) på Volda kulturskule.

Mange ønsker plass på kulturskulane: Gitar og piano mest populært i Volda

Om lag 300 barn og unge står på venteliste på kulturskulane på Søre Sunnmøre. 78 av desse står på venteliste til Herøy kulturskule, medan berre ein står på venteliste til Sande kulturskule.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: --Det kjekkaste er å danse, men eg har også fått prøve fiolin og maling, fortel seks år gamle Frida Lillebø-Voll.

Ho får prøve mange ulike aktivitetar gjennom KuDraMuDa på kulturskulen i Volda. Tilbodet er tverrfagleg og står for kunst, drama, musikk og dans.

På kulturskulen i Volda står det 55 barn og unge på venteliste.

--Mange av desse vil få plass til hausten, men vi ser at det desverre vil vere vanskeleg å få plass til alle på dei mest populære tilboda, som hjå oss er piano og gitar, seier rektor Trude Rabben.

Rabben fortel at dei ser ei auke i interessa for nokre instrument, samt dans og kunst, medan interessa for blåseinstrument har gått drastisk ned.

--Det verkar som at alle vil ha korps på 17.mai, men at ingen vil spele. So det eg kan love er at alle som søker på blåseinstrument vil få plass, fortel Rabben.


Nokre har venta lenge

Dei siste åra har ventetida på Volda kulturskule gått ned, men rektoren anerkjenner at nokre elevar har venta i fleire år for å få plass på dei mest populære tilboda.

--Det er vel resurssar som manglar, og prioriteringar som eventuellt måtte blitt gjort annleis, seier Rabben. Vi er også opptatt av at det vi tilbyr er av ein viss kvalitet, og difor kan vi ikkje ta inn alle som er på ventelista.

KLAR FOR TIME: Trude Rabben er rektor ved kulturskulen i Volda, men nokre gongar steppar ho inn som vikar.













KJEKK TIME: Både mor, Ingvild og datter, Frida er godt fornøgde med kulturskuletilbodet i Volda.

Mor til Frida, Ingvild Lillebø-Voll, fortel at ho er godt fornøgd med tilbodet på kulturskulen. --Vi sto ikkje så lenge på venteliste heller, då vi bytta over frå ei songgruppe. Frida har det kjekt på timane og får prøvd mange forskjellige aktivitetar, seier ho.




DIKTOPPLESING: Ein av aktivitetane borna får prøve på KuDraMuDa er å lese dikt. Nikolas Lukac (6) likar godt når alle kan høyre han.

Nikolas Lukac (6) trivast også godt på kulturskulen i Volda. Mora Iveta Mullerova, fortel at guten sto på venteliste i om lag 6 månadar før han fekk plass. Nikolas får prøve mange forskjellige aktivitetar på kulturskulen, men Mullerova saknar eit tilbod med ballett.

--Det blir for langt å reise til Ørsta, der eg veit dei har ballett. Nikolas dansar mykje og eg trur han kunne likt ballett. Kanskje det kjem eit tilbod seinare, eller at vi prøver når han blir eldre, fortel ho.


Rektor ved Ulstein kulturskule, Julianne Hauge.

Kunstfag populært i Ulstein

Også på Ulstein kulturskule er det mange born og unge på venteliste.

--I dag har vi 52 stk. på venteliste. Eg trur at mange av desse vil få plass til hausten, men vi ser at plassane på mellom anna kunst fort blir fyllt opp då dette er eit populært tilbod.

Hauge fortel at interessa for kunsttilbodet har auka betrakteleg dei siste åra, medan dei merkar noko nedgong på musikkfaga. Ho peikar på at nokre av grunnane til dette mellom anna kan vere at dei tilbyr eit sopass godt tilbod på kunst at fleire av elevane blir verande på faget lenge, framfor å slutte etter eit år. Ein annan grunn kan vere at kunstfaget ikkje stiller noko krav til heimeøving, slik som det på musikkfaga.

--Eg har ein draum om å nå ut til fleire mennesker med eit breiare tilbod, der fokuset er grupper, leik og den heilheitlege opplevelsen, fortel Hauge. Ho trur at kulturskulen kan vere eit resursenter for samfunnet, der barn og unge, men også vaksne og pensjonistar kan oppleve meistring, fellesskap og individuell utvikling gjennom mellom anna musikk, dans og kunst.

--Det er klart at dette er ein langsiktig draum, og at resursar, politikk og administrasjon er ein del av det, men eg håpar verkeleg at vi kan få til noko som dette i framtida, fortel Hauge.

Powered by Labrador CMS