OPPFORDRER TIL PRAT: Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen blir glad når studentar vil komme for ein samtale på kontoret.

— Mykje hadde løyst seg om studentane fekk snakke med nokon tidlegare. 

Ei undersøking gjennomført nyleg av studenthelse.no viser at 31 % av studentane vurderar sin eigen livskvalitet som litt under middels eller dårlegare. Studenthumanist på Høgskulen i Volda, Lone Ellingvåg Knutsen, meiner fleire lågterskeltilbod for samtale og sosialisering kan vere til stor hjelp for studentane. 

Publisert

VOLDA: Høgskulen i Volda tilbyr fleire samtaletilbod for studentar, men Knutsen meiner tilboda er for få.

Synest du det er nok resursar retta mot studentar si psykiske helse?

– Absolutt ikkje. Det er altfor lite tilbod og resursar retta mot dette. Vi driv med veldig mykje brannslokking og vi er for få til det. I samfunnet, men også her i Volda.  

Knutsen fortel vidare at det er fleire organisasjonar som har som oppgåve å jobbe for studentane si velferd, men ho meiner dei ikkje prioriterer velferdstenestene innan helse godt nok. 

– Sjølv om ein kan få mykje god hjelp av å snakke med venner om det ein bekymrar seg over, vil det for mange vere vansklegare å ta opp tematikk med nære relasjonar enn med ein utanforståande. Studentane treng fleire og breiare tilbod, slik at terskelen for å bruke tilboda blir lågare. 

GRØN ATMOSFÆRE: På kontoret forbereder Knutsen seg mellom anna på samtalar og arrangement for studentane på høgskulen.
SAMTALEROM: Her inne snakkast det om alt mellom himmel og jord.

Ingen tankar er for små

– Mange kvir seg for å ta tak i eigne tankar eller problem. Då kan det vere fint å snakke med nokon utanfrå som kan hjelpe til med å løyse litt opp i floka før den blir alt for stor. For dei fleste er det stor hjelp i å bli lytta til av nokon utanforståande, seier Knusten.

Knutsen fortel at studentane har mykje forskjelleg på hjartet. 

– Det kan vere at nokon er bekymra for framtida, at vedkomande ikkje heilt finn sin plass på studiet, eller at ein plagast med vonde tankar om seg sjølv. Ingenting er for lite til å snakke om. Ofte seier studentane at dei føler "problemet" vart løyst berre med å snakke om det. Det å ha ein god samtale med eit anna menneske vil opplevast som svært meiningsfullt for dei fleste.

Knutsen seier at ho nokre gonger kan bli svært bekymra for ein student, men at dei då saman legg ein plan for korleis ein skal nøste opp i problemet.

– Om eg kjenner at bekymringa til studenten er for stor for dette rommet, so seier eg fra om det. Då kan eg for eksempel seie at eg ikkje kan vere den einaste som veit om dette, og spørje om vi saman bør informere nokon andre, for eksempel vener, familie, lege eller anna helsehjelp. Men som oftast blir mykje løyst med ein open og romsleg samtale. 

Skisserte si eiga stilling

Då ho vart den fyrste studenthumanisten i Human-etisk forbund hadde ho allerede jobba som frivillig i organisasjonen ei tid. Ho vart tilsett i 2019 etter at ho sjølv teikna ei prosjektskisse av stillinga og la den fram for organisasjonen. Med variert utdanning og erfaring, mellom anna fra NTNU og UiO, sikra ho seg draumejobben.

– Tidlegare tenkte eg at eg ville bli psykolog, men etter at eg starta å studere pedagogikk synest eg det virka meir spennande. Der var fokuset på å utvikle menneske og sjå verdien av dei ressursane vi alle har sjølve. Likevel lærte vi mykje av dei same teknikkane som psykologar brukar i samtale, og studiet var praktisk lagt opp sjølv om det var på universitetet. 

I BOKHYLLA: Knutsen har tatt vare på mykje av pensumstoffet frå studietida.

Mykje tid på skulebenken

Knutsen tok årsstudium i psykologi, bachelorgrad i pedagogikk og mastergrad i rådgivingsvitskap, før ho på eit seinare tidspunkt tok ei videreutdanning i filosofiske, etiske og eksistensielle dialogar. 

– Etter mange år i Trondheim med studier, frivilligheit og jobb førte livet meg tilbake til Sunnmøre. Då starta eg å jobbe som stipendiat på Høgskulen i Volda, der eg skulle skrive ei doktorgrad. Eg merka tidleg at dette ikkje var noko for meg. Eg satt mykje aleine framfor ein skjerm og kjende meg einsam. Etter eit foredrag ved humanetisk forbund vart eg inspirert til å sjå nærare på om eg kunne skape min eigen jobb, eller iallefall gje nokon andre idéen til stillinga som eg i dag er tilsett i, smiler Knutsen.

Ulike tilbod, lik visjon

Ho fortel vidare at mange av samtaletilboda for studentar, både i Volda og nasjonalt, har den same grunntanken.

– Studenten skal vere i fokus, og vi er her for å lytte til vedkomande. Dette føler eg er ei lik tolking av oppgåva både frå meg som studenthumanist, men også frå studentpresten og studentrrådgjevaren her i Volda. Vi har nok noko ulik arbeidsmåte, men vårt felles mål er å gje tid og rom til studenten vi har samtale med. So kan studenten sjølv velge kva tilbod som passar best for dei.

SIDE OM SIDE: På kontoret heng gensarane til Sollie og Knutsen på same knagg.

Deler kontor med studentpresten

På Høgskulen i Volda deler Knutsen kontor med studentpresten, Ruth Eva Sollie.

– Vi har kontorpult ved sida av kvarandre, og i tillegg til Ruth Eva, har eg eit nært samarbeid med studentrådgjevaren i SiVolda, Eli Anne Løksa. Vi jobbar alle med samtaletenester for studentane. I tillegg til tilsette i Human-estisk forbund, ser eg på desse damene som mine kollegaer. Vi kan drøfte problemstillingar i lag, og saman snakkar vi om korleis vi best mogleg skal hjelpe studentane fra kvart vårt utgangspunkt.

Powered by Labrador CMS