Mysteriekammer for klassetur

To linjer ved Volda Vidaregåande skule set no opp mysteriekammeret «Løgnare Ting». Når deltakarane løyser oppgåvene, sit elevane bak sceneteppet og gir hint.

Publisert Sist oppdatert

Åra med korona og restriksjonar har gitt store begrensingar for fleire kull vgs-elevar. No håpar elevane ved Kunst, design og arkitektur og Medium og kommunikasjon å tene nok pengar til å dra på klassetur til Bergen.

Amanda håpar kammeret gjer nok pengar til skuleturen

- Vi har vore veldig påverka av korona, så det hadde vore veldig fint om vi kunne fått ein fin tur no, seier Amanda Langloe Moe, (19) elev på Medium og kommunikasjon.

Digital vri

"Bacsktage" står ein PC med mykje informasjon

Eit mysteriekammer, eller Escape room som det heiter på engelsk, er ein slags leik der deltakarar blir låste inn i eit rom og må løyse oppgåver for å kome seg ut. Ofte er oppgåvene reint fysiske, med kodelåsar å opne og hint å leite fram i omgivnadene. Løgnare Ting har og nokon slike oppgåver, men i tillegg skjer mykje i eit digitalt rom. Hybriden mellom det fysiske og det digitale gjer at det er behov for nokon som kan rettleie undervegs. Her kjem elevane inn.

Trykk her for å høyre elevane og læraren fortelje:

Full kontroll bak sceneteppet

Blant gitarar og trommer, står ein pult med eit piano og ein PC-skjerm. Eit kamera fangar opp det som skjer i salen. Elevane frå Medium og kommunikasjon følgjer med på deltakarane, og hjelper dei gjennom oppgåvene.

Kvifor treng deltakarane hjelp frå dykk?

- Det kan bli gale om dei gjer ting i feil rekkefølgje. Det er masse elektronikk og da er det lurt at nokon følgjer med, seier Amanda.

Det er god stemning blant ungdommane i kulissane.

- Tenk om dei i salen høyrer at vi sit og kviskrar, ler Amanda.

- Vi er jo vane til å vere profesjonelle da, Jenny Warholm Engh (18).

- Jau, vi klarte det på musikalen så det skal vel gå, smiler Caleb Harman (18).

Nynorsk Stranger Things

«Løgnare ting» er den nynorske mysteriekammer-versjonen av gigantserien Stranger Things.

"Hjelp Eleven med å destruere Vecna". Slik reklamerer dei på nettstaden der billettane blir selde. Ein regnfull sommardag i fjor fekk medielærar Håvard Krøvel-Velle ideen:

- Løgnare Ting let fantastisk kult på dialekt. Når det pøsregna ute, var det lett å bli sittande inne på både dag og nattestid, fortel den engasjerte medielæraren.

Valfag med auge for framtida

Elevane på medie-linja driv ikkje berre med hintgjeving. Dei arbeider også med teknologi for å lage eit digitalt Escape room. I faget «Medieutvikling» er det ei målsetjing å lære om framtidsretta teknologi, opplyser Krøvel-Velle. Årets tredjeklassingar arbeider med sit eige heildigitale rom, «AI-Escape», som blei påbegynt av fjorårets elevar. Her samarbeider Volda Vgs. med NDLA. I følgje elevane sjølv har dei mange halvsprø idear.

Krøvel-Velle laga seg eit gåvekort da han først satt opp mysteriekammeret i fjor sommar

- Det er mellom anna ein dating simulator med eit romvesen. I tillegg har Einstein ein affære før han blir drepen, seier ei leande Amanda

AI-Escape er ikkje ferdig enda, men Krøvel-Velle vonar at det blir ferdig innan sommaren.

- Viss ikkje må eg fortsette prosjektet med eit nytt kull på tredje året, avsluttar den smilande læraren.

Powered by Labrador CMS