Volda kåra til årets nynorskkommune

Lukas Drangsholt Linde
nyhetsstudio

Sjølv om Ivar Aasen var frå Ørsta, er det Volda kommune som vart heidra med prisen for å bevare nynorsken.

Lubna Jaffery (Ap) delte ut prisen til ordførar Sølvi Dimmen (Sp) og kommunedirketør Rune Sjurgård.

Juryen grunngir prisen med at Volda kommune legg til rette for leseglede på nynorsk. Særleg blir leseprosjektet på ungdomsskulen framheva. I tillegg heiter det i pressemeldinga frå Regjeringa at Volda jobbar aktivt for at næringslivet skal nytte nynorsk.

Powered by Labrador CMS