FANGSTMANN OG BUREISAR: Aksel Molvær med bjørneskinnkåpe og bjørnespyd.

Nybrotsarbeidaren

Når hovudet til faren kjem heim i ei kiste, må han brødfø mor si og dei to systrene. Aksel Molvær er 14 år. Han set seg på bussen til Fosnavåg for å leite etter arbeid, og er ikkje meir enn konfirmert når han får plass på eit skip som skal reise utanlands.

Publisert Sist oppdatert

Den verdsvande fangstmannen Aksel Molvær har reist ein av dei største gardane på Sunnmøre.

I ungdomen jakta han sel på New Foundland, og budde fire år i lag med urfolket i den kanadiske villmarka. Seinare vendte han attende til barndomsheimen på Bondalseidet med eitt mål i sikte: Å rydje og byggje sitt eige bruk.

Eine og åleine byrja han arbeidet med å bryte jorda – hundre mål på ti år. For å setje det i perspektiv: Her er snakk om å gjere utmark til innmark, og området tilsvara om lag sytten fotballbanar.

Den nevenyttige karen har bestandig drive med fysisk arbeid. Berre to veker i løpet av livet har han tatt seg fri.

Arbeidet har vore hardt og brutalt, men 86 år gamle Aksel tykkjer det er verre å verte gamal.

Heil ved

Det ryk frå pipa på den vesle kårstova ovafor garden, og den gamle mannen står på trammen for å ynskje velkomen. Idet han viser veg inn, blir me møtt av ei heil raus med kattar og kattungar.

Innafor dei lune tømmerveggane knitrar det i peisen. Her er varmt og godt, men Aksel hiv like gjerne innpå ei ny famn; for ein som liker å arbeide i skogen, er det ikkje naudsynt å spare på veden.

IMØTEKOMMANDE: Aksel ynskjer journalisten velkomen.

– Eg treng ikkje bruke straum, seier Aksel, og viser fram nokre gamle parafinlamper.

Det er mykje liv i det fura andletet. Dei smale lysande augo er jamt i bevegelse, og huda er farga av tida. Svarte merker i panna og ein stor kvit flekk ved tinningen vitnar om frostskader og transplantert hud frå ungdomstida på Nordishavet.

Livsførselen er langt frå luksuriøs. Nøysam og måtehalden som han er, har han ikkje rørt korkje kaffi, sprit, eller tobakk. I fleire år har han levd mest frå hand til munn. Samstundes har han heile tida arbeidd mot livsverket – å byggje opp ein livkraftig gard til etterkommarane.

TIDLEG KRØKES: Aksel som gutunge.

Store sko

Allereie som liten gutunge må Aksel ta ansvar heime. Han passar dyra, arbeidar med jorda, og jaktar. Då det vesle lammet hans vart sjuk, reiste han åleine for å finne veterinær. Om lag 17 kilometer gjekk han kvar veg frå Bondalseidet til Volda – og vegen, den måtte han finne sjølv.

Det var korkje mat eller drikke å få. Turen var lang, men same kor svolten han var; då han var heimattkomen var det ikkje råd å setje seg for å ete – fyrst måtte lammet få medisin. Den gamle mannen er stolt, og er ikkje redd for å vise det:

– Eg er ein av dei som var med på å byggje landet.

Aksel Molvær

Aksel sit godt plassert i hjørnet på ein brun skinnsofa, men løfter støtt på baken for å hente ting han vil vise fram. Her er mellom anna mykje treningsutstyr, våpen, ski, og ei bjørneskinnskåpe.

Der heng eit beverskinn over sofaen, og eit hovud av ein svartbjørn oppe ved mønet. Her finn ein bilete av born og barneborn, men og ei rekkje suvenirar frå reiser rundt om i verda. Her er fjør frå fuglar, og høgthengjande utmerkingar – me talar berre om nokre små teikn, men dei viser spor etter store sko.

Ved vindauget ovanfor kjøkenbordet heng eit diplom for nydyrking av jord, og på ein liten berevegg mellom to dører heng eit bevis frå det Nord- amerikanske skyttarforbundet på at Aksel Molvær har oppnådd 6000 av 6000 poeng – eit heidersmerke som berre tre menneskje i heile verda har greidd å gjere seg fortent til.

KREVJANDE: – Det er ikkje mogleg, men eg har greidd det, seier Aksel om bragda.

Andre tider

– Molværnamnet kjem eigentleg frå Langevågen. Der hadde folket mitt ein større gard i si tid, fortel Aksel.

Han byrjar å fortelje om kongebesøk og hundre mann til bords. Der var raudstua, blåstua og jomfruenes kammer. Garden hadde husa både fut og amtmenn, og var samla under eitt fram på 1800- talet. Seinare vart det vanlegare å dele opp eigendommane til fleire og mindre bruk.

Aksel går raskt gjennom historia. Han nemner det økonomiske krakket og dei tronge tidene på 1930-talet med utvandring til Amerika, men ogso Devold-fabrikken som starta produksjon av klede på 1960-talet. Vidare vil han understreke at produksjon av klede er noko anna enn mat. Sjølv er han sterkt kritisk til industriutviklinga, og tykkjer forbruksvanene har utvikla seg til noko bortanom all fornuft.

– Eg er fødd på 30-talet. Folk hadde ikkje mat – me fekk rasjoneringskort. Det var eit kilo sukker og eit kilo mjøl, seier han føre han byrjar tale om krigen.

Den gamle mannen hugsar godt då kanonbåtane i Breisundet byrja skyte om natta. Han fortel om tyskarar med «Luger» i beltet og korleis pisken slo mot lêr-støvlane medan dei talte. Det er tydeleg at Aksel ynskjer å formidle innsikt i ei anna tid. Det greier han og – utan maleriske skildringar. Historiene han fortel er sterke nok i seg sjølv. Det held å halde seg til harde faktaopplysningar.

– Eg er ikkje noko diktar, seier Aksel nøkternt.

ALVORSAM: Aksel er alvorsam når han fortel om den brå overgangen til vaksenlivet.

Tronge kår

– Foreldra mine ynskte seg ein gard, og visste at staten eigde eit stort areal i det området som no heiter Bondalseidet, fortel Aksel.

Han understreker at den vesle staden var å rekne som ein utkant på den tida; Kommunesenteret i Hjørundfjord låg i Sæbø, og dit var det ei mil med hest og vogn. Marka ein fekk kjøpt var berre skog og utmark, så der var snakk om å bryne seg på nydyrking.

Her var ikkje hus då den vesle familien kom flyttande, så dei måtte byggje eit lite krypinn med ei seng slik at dei kunne overleve vinteren. Då det vart vår og sommar, byrja dei grave ein tuft til nytt hus, og nokre veker føre jul var dei mesta ferdige.

Tidlegare den hausten hadde far hans Aksel reist til malmgruvene i det som den gong heitte Nord-Trøndelag for å arbeide. Så ein dag kom ein frå gruveselskapet attende med han i ei kiste. Inngangen på gruva hadde kollapsa.

– Kroppen var knust, men hovudet var heilt – så me fekk sjå han.

Aksel Molvær

Han treng ikkje utbrodere. Den gamle mannen går vidare og byrjar fortelje om mor si som sat att med han – ein gutunge på 14, og to småjenter på fire. Han påpeiker at den gong fantes ikkje noko NAV som kom springande med pengar, men han minnest at dei hadde ei ku. Ei periode var dei faktisk so heldige at dei hadde to kyr, ogso hadde dei ein sau som fekk to lam.

Gras til dyra måtte dei slå i fjellet og tørke på marka, og høyet måtte dei bere heimatt på ryggen. Det var ikkje mykje dei fekk med seg, så det vart mange turar.

ALBUMBILETE: Slik såg det ut i New Foundland då Aksel jakta sel.

Harde bod

– Så var det at mor sat att her med tre ungar, gjentek Aksel før han byrjar tale om arbeid utanlands og korleis han forsørgja heile hopen.

Han beskriv seg sjølv som berre gutungen å rekne den gongen. Trass i manglande erfaring, greidde han seg godt i arbeid. Nøyaktig og ærekjær som han var, lærte Aksel raskt. Han tente seg etter kvart gode pengar, og dei kronene han ikkje brukte på mat, sendte han heim. På Sørøyane ute i havgapet vart han dessutan kjend med både sjøen, fiske og fangst.

– Eg fekk plass på ein båt til New Foundland. Det var ei fangstskute, og me skulle drive med selfangst på nordaustsida av Canada, fortel Aksel.

SNAR: På 36 sekund hadde Aksel både slått i hel og flådd selen.

Den gamle mannen kjem støtt med digresjonar. Han byrjar mellom anna tale om den sterke kroppen sin, og kor store steinar han har løfta. Aksel gjer klart at han aldri har vore store karen, og innrømmer skadefryd av at andre ikkje har greidd å løfte like tungt.

– Det kan vere mykje makt i ein liten kropp, seier han med eit nøgd glis.

Aksel flirer litt, men kjem raskt attende til livet på Nordishavet med 40-50 kuldegrader, snøstorm og sterk sol mellom byene. Så hoppar han raskt til poenget, og seier han tente seg pengar til traktor og utstyr for å dyrke jord.

– Eg gjekk laus på ti mål for året til eg hadde hundre, seier han og peiker på «Aarsæterlegatet» som heng på veggen.

AARSÆTERLEGATET: Etter å ha dyrka 100 mål jord på ti år, fekk Aksel både diplom, tale, og middag med ordføraren.

Aldri fri

Å drive jordbruk dei tre sommarmånadene var strevsamt. Frå snøen for om våren til den kom om vinteren hadde han ikkje ein enda fridag. Søvn var det mest ikkje heller – berre 3,5 timar, seier Aksel. Einast ein gong i livet har han tatt seg fri. Det var to veker ein sommar for ti år sidan. Aksel var 76 år, og reiste då til Lofoten for å sjå heimstaden til mor si.

Den gamle karen var framleis i arbeid. Han hadde rett nok gitt frå seg garden då han var 70, men sprek som han var tok han like gjerne på seg arbeid med linerydding for Statsnett.

– Eg arbeidde der til eg var 80. Då fann dei ut kor gamal eg var, og ville ikkje lenger betale forsikring.

Aksel Molvær

Sjølv tykte han at han hadde kondisjon som ein tjueåring, og var særs misnøgd med avgjersla.

– Eg har aldri drive med idrett. Fotballspelarar – fanken for eit yrke, seier den gamle.

Aksel er mest oppteken av det som er livsnødvendig. Slik har det bestandig vore. Livet har dreidd seg mest om å overleve. Tidlegare fylte dagane seg mesta sjølv – no er det tyngre å halde dei gåande. Han saknar pliktene, ansvaret, og det å høyre til.

SJØLVSKOTEN: Aksel seier han har skote fleire bjørnar enn han har tal på, men at det har vore for mat.

Vakylando

Aksel har fire ungar. Både eldstesonen og barneborn bur på garden. Likevel vil han seie at han er mykje einsam. Kona døydde av kreft for mange år sidan, og dei nye generasjonane har sine eigne liv. Den gamle mannen er brutalt ærleg. Det meste ligg bak han.

Det gjer godt å sjå arva gå vidare. Samstundes kjennes det rart å ikkje lengre kunne ta plass – og ha ein funksjon i kvardagen.

VAREMERKE: – Her har du meg, seier Aksel og peiker på sekkane.

Heldigvis har han kattane å ta seg av. Arbeidet med veden er ogso meiningsfullt. I tillegg har han nokre flunkande nye toppturski som må brukast. Han har tatt seg råd til det. To gamle tursekkar står på golvet – klare til dyst når naturen kallar. Sjølv om Aksel har kjend på mange pliktar ovanfor familien, har den sterkaste pliktkjensla dreidd seg om å ta vare på «skaparverket».

Under opphaldet i Canada arbeidde han med tømmerfløyting. Seinare vart han formann for maskinavdelinga i eit av Nord-Amerikas største konsern. Her gjor han ein so god jobb at han enda får gåver og helsingar frå firmaet på fødselsdagen. Best hugsar han likevel arbeidskollegaene sine – og då særleg dei av tømmerfløtarane som var å rekne som urfolk. Med si sterke interesse for naturen, fekk han raskt lære dei å kjenne. So godt kom Aksel overeins med dei innfødde at han like gjerne vart buande i lag med dei i fire år.

– Indianarane sat slik pris på meg at dei gav meg tittelen Vakylando, seier han og fortel at ordet tydar ein tilstand av å vere i eitt med naturen.

Aksel fortsetjar med å tale om dei store avstandane, og seier at det ikkje er verdt å bry seg om når ein kjem fram. Der skal ikkje vere noko mål – ein skal kjenne seg so heime i villmarka som dyra gjer, meiner den gamle mannen. Han seier han har levd slik i skogen og kjend seg so heime at han aldri vart redd. Aksel blir alvorsam. So byrjar han fortelje slike historier det kan vere vanskeleg å tru på. Han fortel om ein bjørn som la seg ved sida av han om natta, og ein annan som sat seg for å sjå på han medan han fiska i elva.

– Han brydde seg ikkje med å krangle med meg om maten, seier Aksel.

Den 6. kollaps

Det gamle naturmennesket har mange teoriar om gjensidig respekt, og bruker støtt dei japanske kvinnene som døme:

– Det heitar seg blant mannfolk at visst dei ikkje likar ei japsejente, då er det noko gale med dei, var det nokon som sa.

RESPEKT: Aksel er særs oppteken av omgrepet "respekt" – både i høve til menneskje og natur.

Aksel er tydeleg i talen. Han tykkjer ikkje om kvinnfolk som malar seg i andletet og viser for mykje hud . Då er det betre med nokon som veit å setje seg sjølv i respekt, synst han. Såleis er det at dei japanske kvinnene har fått så stor ei stjerne.

– Dei som viser respekt, får ogso respekt tilbake.

Aksel Molvær

Rett sagt er den gamle mannen særs oppteken av korleis me oppfører oss – både overfor andre menneskje, og overfor naturen. Han viser til klima- og naturforsking, og seier me nærmar oss den 6. kollaps. Aksel er begeistra for bøkene til biologiprofessor Dag Olav Hessen, og tykkjer sånne som han burde styre landet.

Her manglar det ikkje på ord. Den gamle karen siterer pavens tale frå 2017, og seier at dei som er born i dag – dei veks opp til ei jord i ruinar. Vidare nemner han noko som vart sagt blant urfolket rundt eit leirbål den gongen han levde i lag med dei:

– Ta vare på naturen, så tek den vare på deg. Dør naturen, så dør du.

ÆRLEG: Aksel er brutalt ærleg om livet.

Den harde sanninga

Aksel talar støtt om tida i Canada. Det florerer av sitat frå urfolket, men der er særleg eitt som har brent seg fast på netthinna hans:

– Den kvite mann har brent graset vårt, hogd skogen, og utrydda bøffelen. Har han vorte eit born som drep utan å vere svolten?

Den gamle mannen let orda liggje litt. So seier han at der berre finst to grunnar som gjev rett til å drepe – det eine er mat, det andre er sjølvforsvar. Aksel er full av historier, meiningar, og mot. Etter eit lite besøk, sit ein ikkje at med kjennskap til meir enn små brot av det lange livet. Likevel gjev møtet mykje å tenkje på.

NØGD: Aksel Molvær er nøgd med det lange livet.

Inntrykka er mange, men biletet på kva menneskje her er snakk om står heilt klårt: Nybrotsarbeidaren er fyrst og fremst ein god gamal arbeidskar. Han reiste ut i verda for å brødfø familien – han er ikkje noko eventyrar. Historiene han fortel er heller ikkje eventyr. Ein kan kanskje ynskje seg ei eventyrleg ending, men slik er det oftast ikkje i det verkelege livet.

Aksel tykkjer det er tungt å verte gamal; No som arbeidet er slutt, vil han helst kvila ut – ikkje mutters åleine i det vesle huset ovanfor garden, ikkje på gamleheimen heller, men kanskje ein eller annan stad bakanfor alt det me no kjenner til.

Han trur ikkje på korkje Gud eller himmelriket. Kor som er, er han ikkje redd for å leggje inn årene. Reisa har vore lang, og Aksel er nøgd. No venter han på at det skal bli hans tur til å berast ut i ei kiste – kanskje endar reisa i Vakylando?

Powered by Labrador CMS