Volda:

NYE STUDENTBOLIGAR: Heltne studentboligar har gjentatte gongar vore utsatt for hærverk.

Fleire tilfelle av hærverk i mars

Studentsamskipnaden i Volda slit mye med vandalisering av studentboligane sine.

Publisert

VOLDA: Heltne studentboligar har endå ein gong vore utsatt for hærverk. Det er dei nye studentblokkane som får gjennomgå. Studentsamskipnaden i Volda har tideligare uttrykt frustrasjon og misnøye

– Vi synast selvfølgelig det er trist, fortel driftsleiar i Studentsamskipnaden i Volda Jon Petter Lied.

VELTA: Lyktestolpane kunne sjåast liggjande utanfor boligane denne helga.

Dører og lyktestolpar er noko av det ved studentboligane som øydelegges. Denne gongen var det lyktestolpar ved inngongen som har vorte felt.

Ein kunne tideligare i mars, fleire gongar, møte det same synet hvis ein passerte boligane.

Konsekvensane kan bli store

Studentsamskipnaden gjer oppmerksam på at pågåande hærverk vil i verste fall få konsekvensar for studentane.

– Det blir ei stor påkjenning for oss hvis det fortset slik, legg han til.

Driftsleiar Jon Petter Lied seier at videoovervåking, høgare leieprisar eller politi melding kan bli aktuelt hvis øydeleggelsane fortsettar.

TRIST: Det var alle lyktestolpane som vart felt denne gongen.

Han fortel vidare at dei ikkje endå veit kven det er som driv med hærverket, men at det er trist at det skal gå ut over dei som ikkje driv med det.

Powered by Labrador CMS